Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Akslingen

No skal de lage den andre halvdelen og sjå om presisjonen og toleransane er gode nok til å få fram den berømte smellen!

Innleiing

I denne delen av oppgåva skal de dreie motstykket til delen de allereie har laga. Målet er framleis å lage ei presis passform, men denne gongen må de vere ekstra merksame på overflate, grep og finish. De skal òg bore og gjere klar delen for eventuell overflatebehandling.

Instruksjonsfilm

Denne filmen (lengde: 4:15) viser korleis de går fram for å lage delen.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Trinn 1: Dreiing utan toleransekrav

Akkurat som med første del, begynner du med plandreiing for å få ein rett ende, og deretter diameterdreiing for å etablere yttermåla.

Det er ikkje nødvendig å bruke for mykje tid på nøyaktigheit, for yttermåla er ikkje toleransesette. Ifølge Verkstedhåndboka har du fleire tidels millimeter å gå på i begge retningar.

Trinn 2: Plandreiing til rett lengde og diameter

Etter at du har snudd emnet, plandreier du bort bort overmål til rett lengde. Så må du sikre at diameteren på begge halvdelane av emnet er lik slik at du ikkje får nokon stygg overgang mellom dei.

Trinn 3: Toleransedreiing

No begynner arbeidet med den toleransesette delen av akslingen. Slik kan du gå fram:

  1. Grovdrei ved å ta to–tre store kutt med høg mating.

  2. Bruk til å kontrollere måla undervegs.

  3. Når du nærmar deg 0,5 mm frå nominelt mål, går du over til findreiing med små kutt.

  4. Bruk mikrometer som presisjonsmåleverktøy.

Ofte trengst det fleire fine kutt og målingar mellom kutta for at sluttproduktet skal vere innanfor toleransevindauget.

Bruk toleransetabellen i Verkstedhåndboka for å vite kor nøyaktig du må vere, og i kva retning avvika kan vere. Det er viktig at du vel rett basismål på diameter i tabellen (over 18 t.o.m 30) for å finne korrekte toleranseverdiar (h7). Då kan du lese av øvre og nedre verdi for toleransen i tabellen i (0 µm, -21 µm).

Utrekning av toleranse
  • Største målet akslingen kan ha, er: 20,000 mm - 0,000 mm = 20,000 mm.

  • Minste målet akslingen kan ha, er: 20,000 mm - 0,021 mm = 19,979 mm.

  • Toleransevindauget er då frå 19,979 mm til 20.000 mm.

Tips: Alle måla innanfor toleransen er godkjende. Men dess nærare du kjem basismålet (20,000 mm), dess høgare smell oppnår du.

Trinn 4: Lage grep

Når akslingen er ferdig, må du lage grep på same måten som på første del:

  • Snu emnet og spenn det opp i mjuke bakkar. Då unngår du å skade den ferdige overflata. Har du ikkje mjuke bakkar, bruker du eit anna vernemateriale mellom bakkane og akslingen.

  • Serratering (mønsterpressing) gir godt grep og ein tøff look. Gir om maskina til rett turtal og olje trinsene godt før du startar.

  • Avslutt gjerne med dreidde riller for ekstra grep og stil.

Trinn 5: Boring og førebuing til overflatebehandling

Til slutt borar du eit lite hol i enden av delen. Holet har to funksjonar: Det reduserer vekta på delen og gjer det mogleg å henge han opp ved overflatebehandling.

Trinn 6: Smell det?

No er tida inne for å teste toleransen: Sett delane saman og kjenn at det er motstand ved at luft blir pressa ut. Når du trekker delane raskt frå kvarandre, skal det oppstå ein smell. Han signaliserer at passforma er innanfor toleranseområdet.

Vil du gå eit skritt vidare?

Bruk NDLAs 3D-printa måleboks med lydsensor og konkurrer om høgast smell i klassen!

Trinn 7: Overflatebehandling

Om du har laga delen i aluminium, kan du vurdere å anodisere han. Anodisering er ei elektrokjemisk behandling der farge blir låst inn i eit tynt oksidlag. Dette laget gir delane både vern og ein fargerik finish.

NB! Hugs at vanleg lakk og måling bygger volum. Auka volum kan gjere at delane ikkje lenger passar saman.

Oppsummering og refleksjon

De har no produsert kvar dykkar del med høg presisjon og rett toleranse.

Høyrer de ein smell når de set delane saman og trekker dei frå kvarandre? Då har de oppnådd det som trengst i industrien over heile verda: perfekt tilpassing.

Refleksjonsspørsmål:

  • Kva er konsekvensane dersom diameterane på kvar side av emnet ikkje er like?

  • Korleis påverkar overflatebehandling som lakk eller anodisering toleransen?

  • Kvifor er det viktig å bruke mjuke bakkar ved oppspenning av ferdigmaskinerte flater?

Teikningar

Her finn du både ei arbeidsteikning i PDF-format og to CAD-filer i ulike format slik at du kan endre på utforming og storleik om du vil.

Relatert innhald

NDLA-boksen: Støymålar

Med Arduino, mikrofon og lysdiodar kan vi lage eit enkelt system som viser støynivå visuelt. Lagar du din eigen?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 29.04.2025