Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

CNC

Fagstoff
Interaktivt innhald

M-kommandoar

M-kommandoar bruker vi når vi programmerer ein G-kode for ei CNC-maskin. Kommandoane fortel maskina kva funksjonar ho skal starte og stoppe undervegs i programmet.

Kva er M-kommandoar?

M-kommandoar fortel maskina kva funksjonar ho skal bruke når ho utfører arbeidet i G-koden. Det kan til dømes vere funksjonar for å

  • starte og stoppe spindelen

  • velje rotasjonsretning

  • skru kjølevæska av og på

  • fortelje maskina at ho skal stoppe for å skifte verktøy

Det er utvikla ein ISO-standard for desse kodane (ISO 6983) som alle maskinleverandørane forheld seg til. Likevel kan enkelte maskinleverandørar nytte eigne M-kommandoar for spesielle funksjonar. Informasjon om slike kommandoar finn du i instruksjonsmanualen for maskina. Kva M-kommandoar du kan nytte, er òg avhengig av funksjonane maskina har.

M-kommandoar består av bokstaven M og eit tal. Døme: M08.

Kommandovarigheit

M-kommandoane kan ha ulik varigheit i programmet.

Aktiv i programlinje

Nokre kommandoar er berre aktive i den programlinja dei er skrivne i, til dømes kommandoen for programstopp og verktøyskifte. CNC-maskina gjennomfører då kommandoen berre éin gong.

Aktiv inntil ny kommando

Enkelte M-kommandoar varer inntil CNC-maskina får ein ny beskjed i G-koden. Dette kan vere kommandoar som å starte spindelen eller å starte kjøling. Ved bruk av desse kommandoane vil spindelen gå eller kjølinga vere aktiv heilt til CNC-maskina får beskjed om å stoppe funksjonane.

Oversikt over dei mest brukte M-kommandoane

Tabellen under beskriv dei mest brukte M-kommandoane og varigheit og rekkefølgereglar for kvar enkelt kommando.

For ytterlegare informasjon kan du trykke på kvar enkelt kommando og lese forklaringa.

M-kommandoar

Kode

Blir aktivert før rørsle

Blir aktivert etter rørsle

Aktiv til ny kommando

Aktiv berre i programlinje

Betydning

XXStopp program
XXValfri stopp
XXAvslutt program
XXStart spindel moturs
XXStart spindel medurs
XXStopp spindel
XVerktøyskift
XXKjølevæske på
XXKjølevæske av
XFastspenning av arbeidsemne
XLøysing av arbeidsemne
XXProgramslutt
XXByte av arbeidsemne

Plassering i kodelinje

Ofte programmerer du fleire ulike M-kommandoar og koordinatar på same linje. Det er ulikt korleis kommandoane blir lesne av CNC-maskina: Nokre kommandoar blir gjennomførte på eit bestemt steg i prosessen same kvar dei er plasserte på linja, mens andre blir gjennomførte i den rekkefølga dei står skrivne.

Derfor må du vite kva rekkefølge CNC-maskina gjennomfører dei ulike kommandoane og rørslene i. Du må òg ha som hovudregel at du set opp kommandoane sekvensielt, spesielt ved rørsler. Du vil til dømes neppe at maskina prøver å flytte boret sidevegs mens det enno står nede i holet. Først må boret flyttast rett opp, så kan det flyttast sidevegs. Kommanodane for denne sekvensen må stå i rett rekkefølge.

Aktivering før start av rørsle

Nokre kommandoar har ein funksjon som må aktiverast før CNC-maskina startar rørsla. Det kan til dømes vere start av spindel og aktivering av kjølevæske. Desse kommandoane og funksjonane er nødvendige for at maskina skal kunne utføre resten av programlinja. Same kvar i programlinja desse kommandoane står, blir dei aktiverte først.

Aktivering etter rørsle

Det finst nokre M-kommandoar som blir aktiverte etter at CNC-maskina har utført dei andre kommandoane i programlinja.

Det kan vere M-kommandoar som M05 (stopp spindel) og M09 (stopp kjølevæske). I desse tilfella utfører CNC-maskina dei andre kommandoane på linja før ho utfører M-kommandoane, same kvar i programlinja M-kommandoane står.

Kontrollspørsmål

Tekstalternativ til dei interaktive kontrollspørsmåla

Oppgåve 1

Kva for ein av kommandoane M00, M02, M04 og M08 gjer kva?

  1. starte kjølevæskepumpa på maskina

  2. starte spindelen og få han til å gå i same retning som urvisaren

  3. stoppe programmet for å kontrollmåle arbeidsemnet

  4. seie at programmet er slutt

Oppgåve 2

Ta utgangspunkt i denne programlinja:

N50 M09 X10 M03 Y20 M08 M05 Z-10 M02

Plasser kommandoane i den same rekkefølga som CNC-maskina utfører oppgåvene i.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 27.02.2026