Programnullpunkt for Z-akse i ein CNC-fres

Programnullpunkt
Programnullpunktet for ein CNC-fres er eit referansepunkt som blir brukt til å definere startposisjonen for CNC-maskina. Dette punktet er avgjerande for å sikre nøyaktig og repeterbar maskinering av eit arbeidsstykke. Vanlegvis er det to hovudtypar av programnullpunkt: maskinnullpunkt og arbeidsstykkenullpunkt.
Maskinnullpunkt (Machine Zero Point)
Dette er det fysiske nullpunktet på CNC-maskina. Plasseringa kan variere etter maskinmodell: Det kan vere hjørnet eller midtpunktet på maskina, eller det kan vere eit anna definert punkt som blir brukt som referanse for rørsler. Vi må til vanleg gå inn i styringsdataa til maskina for å programmere dette punktet.
Arbeidsstykkenullpunkt (Workpiece Zero Point)
Dette er punktet som blir brukt som referanse for CNC-programmet og maskineringsarbeidet. Arbeidsstykkenullpunktet kan vere punktet der du ønsker å starte maskineringa av arbeidsstykket, til dømes øvst i ei plate. Det kan også vere ein bestemd posisjon på arbeidsstykket som er spesifisert i CNC-programmet.
Her skal vi sjå på korleis du kan finne koordinatane for programnullpunktet i Z-akse på arbeidsemnet ditt, altså Workpiece Zero Point, og vise korleis du kan nytte eit måleur til dette arbeidet.
Nullstilling av Z-akse
For å nullstille Z-aksen må du finne koordinaten for nullpunktet på arbeidsemnet du ønsker å bruke i Z-aksen. Vanlegvis er dette det høgaste punktet på arbeidsemnet.
Du kan òg velje høgda på maskinstikka som utgangspunkt for programmet, men då må du hugse å ta høgde for det i programmeringa.
Rørsle i koordinatsystemet

Når du skal bevege verktøyet i CNC-maskina, må du bruke knappar og hjul på CNC-maskina eller på ei fjernbetent eining. Du kan berre bevege deg i éin enkelt akse når du bruker beteningshjulet til å bevege maskina.
Vel alltid ei tilpassa oppløysing for beteningshjulet på CNC-maskina slik at du ikkje skader verktøy eller måleutstyr. Vanleg oppløysing på beteningshjulet er 1/1, 10/1, 20/1, 50/1 eller 100/1. Dette kan også skrivast som X1, X10, X20 osv.
Kvart trinn på beteningshjulet svarer til éi måleining på aksen til CNC-maskina. Kor stor rørsle dette er, avheng av nøyaktigheita og oppløysinga til maskina. Viss maskina står på 100/1 eller X100, betyr det at eitt trinn på hjulet svarer til 100 trinn på CNC-maskina. Då kan maskina bevege seg raskt når du dreier på hjulet.
Står veljaren på 1/1 eller X1, betyr det at maskina beveger seg eitt trinn for kvart trinn du dreier. Då beveger maskina seg sakte.
For å komme ned til arbeidsstykket kan du velje ein høg verdi (rask rørsle), men når du byrjar å nærme deg arbeidsstykket, bør du velje ei oppløysing med lågare verdi.
Framgangsmåte med måleur
For å finne verdien for Z-akse kan du nytte eit spesialverktøy, til dømes eit måleur. Du må kalibrere måleuret før bruk. I tillegg må du vite høgda på måleuret.

Når måleuret har ei referansehøgde på 50 millimeter slik som måleuret i illustrasjonen, står det i koordinatet Z50 når du har funne nullpunktet. Men måleur kan ha ulik høgde, og du må alltid sjekke kva høgde det er på det måleuret du sjølv nyttar.
For å nullstille måleuret må du bruke ei heilt rett flate (til dømes ein parallellkloss eller ein aksling) og presse ned det rørlege stempelet som trykker mot måleuret. Gjenstanden du trykker med, må vere lengre enn stempelet slik at han pressar ned mot anlegget rundt stempelet. Når stempelet er trykt ned, må du nullstille talskiva på måleuret slik at visaren står på talet null.

Du er no klar for å setje nullpunkt, og det gjer du ved å bevege Z-aksen til CNC-fresen ned mot måleuret. Det er viktig at du går ned på låg oppløysing for rørslehjulet når du nærmar deg måleuret.

Beveg Z-aksen ned heilt til verktøyet på CNC-fresen berører måleuret, og hald fram til visaren står på talet null.
Programmering av CNC-fresen
Etter at du har funne koordinatet i Z-aksen, må du også programmere CNC-fresen og fortelje han at han no står på koordinat Z50.
På dei fleste maskinene blir dette programmert med følgande kommando:
Trykk bokstav “Z“ for å oppgi kva akse du vil programmere.
Skriv talet 50 for å oppgi høgda til verktøyet over arbeidsemnet.
Trykk “Enter“ for å stadfeste. På nokre maskiner må du stadfeste to gonger for å få lagra verdien.