Om munnleg eksamen
Generell informasjon
Munnleg eksamen i framandspråk blir gjennomført lokalt, det vil seie at gjennomføringa kan variere frå skule til skule.
Du kan lese om felles reglar for munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen på nettsidene til Utdanningsdirektoratet. Kvar skule utarbeider sine eigne retningslinjer baserte på reglane frå Utdanningsdirektoratet. Spør læraren din om tilgang til desse retningslinjene.
Utdanningsdirektoratet set ein felles trekkdato for eksamen i vidaregåande skule. Datoen kan variere frå år til år.
Privatisteksamen
For privatistar er gjennomføringa av eksamen litt annleis enn det som blir beskrive her. Dersom du skal ta privatisteksamen, kan du vende deg til eksamenskontoret i fylket ditt for å få rett informasjon. Du finn ei oversikt over alle eksamenskontora på nettsida vilbli.no.
Førebuing
24 timar før eksamen trekker du eit tema som du skal førebu deg på. Temaet vil vere veldig opent og generelt og dekke fleire kompetansemål. Det skal bli lagt til rette for at du får vist breiast mogleg kompetanse i faget og ta eigne val for form og innhald.
Du kan velje å førebu ei innleiing til temaet du har trekt. I innleiinga di kan du til dømes bruke ein gjenstand, eit bilete eller ein presentasjon. Hugs: Det er kompetansen som du viser på eksamensdagen, som blir vurdert. Førebuingsdelen inngår ikkje i vurderinga.
Førebuingsdagen er ein obligatorisk skuledag, og du har rett til rettleiing av ein faglærar. Læraren hjelper deg å sjå moglegheiter, ta eigne val og få oversikt over kjenneteikn på måloppnåing. Rettleiinga skal skje innanfor vanleg skuletid.
Lytting
Lytteforståinga di blir som regel vurdert gjennom samtalen med eksaminator. Nokre skular vel å bruke lyttemateriell i tillegg til samtalen. Når det skjer, skal lyttemateriellet vere ein del av førebuingsdagen eller av eksaminasjonen.
Fråvær på førebuingsdagen
Førebuinga er ein del av eksamen. Viss du har dokumentert fråvær på førebuingsdagen, har du automatisk dokumentert fråvær på eksamensdagen. Ønsker du å gjennomføre eksamen sjølv om du hadde fråvær på førebuingsdagen, er det likevel mogleg.
Hjelpemiddel
I førebuingstida er alle hjelpemiddel tillatne, mens under sjølve eksamen kan det variere frå skule til skule kva hjelpemiddel du får lov å bruke. Som regel kan du ta med eigne notat frå førebuingstida. Å bruke internett eller kommunisere med andre under eksamen er ikkje tillate.
Vurdering
Karakteren du får, er ei heilskapsvurdering av kompetansen du har vist på eksamen. Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla i læreplanen for framandspråk. Kvar skule utarbeider eigne vurderingskriterium som du skal få når du trekker tema.
Viss du vel å starte eksamen med ei innleiing, skal ikkje det du har laga i førebuingstida, bli vurdert i seg sjølv. Det som blir vurdert, er den munnlege kompetansen du viser i innleiinga og i fagsamtalen etterpå.
Gjennomføring av eksamen
Munnleg eksamen skal ikkje ta meir enn 30 minutt per elev.
Inne i eksamensrommet vil du møte to personar: ein eksaminator (som regel faglæraren din) og ein sensor frå ein annan skule. Eksaminatoren leier eksamen mens sensoren observerer og vurderer prestasjonen din. Det hender at sensoren stiller nokre spørsmål undervegs eller på slutten.
Viss du har førebudd ei innleiing, skal du som regel bruke inntil ti minutt på ho. Resten av tida består av ein fagsamtale om temaet. Har du ikkje førebudd ei innleiing, tek fagsamtalen til med ein gong.
Viss du slit med å vise kompetansen din innanfor det temaet du har trekt, kan du òg bli eksaminert i andre tema. Eksaminator og sensor skal alltid leite etter den kompetansen du har, og ikkje etter det du ikkje kan.
Karakter
Etter eksaminasjonen snakkar eksaminator og sensor saman og set karakteren mens du ventar utanfor. Når dei er ferdige, blir du henta inn igjen. Du får no karakteren din og ei grunngiving basert på kompetansemåla i læreplanen og vurderingskriteria i faget.