Ejercicios: Tres jóvenes hablan sobre fiestas
Avgjer om påstandane er rette eller feil.
Jobb saman med ein medelev, og gå gjennom korta med spørsmål til videoen om høgtider og tradisjonar.
Les spørsmålet høgt, og set det om til norsk. Trykk så på info-knappen for å sjå fasiten.
Formuler eit svar på spansk.
Snu kortet, les høgt det som står der, og set om til norsk. Stemmer det med svaret dykkar? Gå så vidare til neste kort.
Kva ville du ha svart på spørsmåla som vart stilte i videoen? Bruk nokre minutt til å skrive ned stikkord på spansk.
Jobb så saman med ein medelev og still kvarandre spørsmåla. Til slutt kan de gå rundt i klasserommet og snakke saman to og to.
¿Cuál es tu fiesta tradicional favorita?
¿Cómo celebras tu fiesta tradicional favorita?
¿Qué tradición o costumbre te parece rara?
Kva for ei av høgtidene som ungdommane fortel om, har du lyst til å vite meir om?
Finn bilete og meir informasjon om denne høgtida.
Lag ein digital kollasj sett saman av ulike bilete, og legg til overskrifter og stikkord. Du kan òg lage kollasjen på eit A3-ark.
Presenter kollasjen for ein medelev eller i små grupper.
Send eller vis kollasjen til læraren. Kanskje de kan henge dei opp i klasserommet eller ein annan stad på skulen?
Høgtidene i videoen
- la Semana Santa en España
- påske i Spania
- el Carnaval de Uruguay
- karnevalet i Uruguay
- el Día de Muertos
- dei dødes dag
- los Diablos Danzantes de Yare
- dei dansande djevlane i Yare