Ejercicios: El 12 de Octubre
Kva hugsar de frå teksten og videoen om 12. oktober i Spania?
Jobb saman to og to, og byt på å spørje og svare på spørsmåla.
Les spørsmålet på framsida av kortet høgt. Når de har formulert eit svar, snur de kortet og samanliknar med løysingsforslaget.
Vel i-ikonet for å få norsk omsetjing, viss de treng det.
Øv på å bruke dei spanske preposisjonane a, de, en og con.
Kva preposisjonar manglar her?
Den 12. oktober er ein viktig dag i mange spansktalande land, men nasjonaldag berre i Spania. Kvart land har sin eigen måte å markere dagen på.
A. ¿Cómo se llama?
Infografikken fortel kva 12. oktober blir kalla i ulike land på det amerikanske kontinentet.
Gå gjennom lista og set om namna på markeringa til norsk. Du finn ein rein tekstversjon av lista under biletet.
Vel eit av landa, og finn ut korleis dagen blir markert, og kva som er fokuset.
Presenter funna dine for ein medelev eller i klassen.
B. Reflexión
Kvifor trur de nokon feirar at Columbus kom til Amerika, mens andre meiner det ikkje er noko å feire?
Snakk saman i mindre grupper eller i klassen og reflekter rundt spørsmålet.
Dei fleste byane og landsbyane i Spania og Latin-Amerika har ein vernehelgen (patrón eller patrona) og ein eigen dag til ære for helgenen. Det er vanlegvis ein stor folkefest som går over fleire dagar. I videoen får du vite litt om korleis folk i landsbyen Sigüenza feirar vernehelgenen sin, San Roque.
A. Así se celebra
Korleis feirar ein Las Fiestas de San Roque? Sjå på videoen (lengde: 1:09) minst to gonger og prøv å forstå så mykje som mogleg. Du finn ein tekstversjon under videoen.
B. Algunas actividades especiales
Candela og Ignacio fortel om nokre spesielle aktivitetar som finn stad under feiringa av San Roque. Vel to av aktivitetane frå lista, og finn bilete eller videoar som viser kva slags aktivitet dette er. Gå saman med ein medelev eller i grupper og fortel kvarandre kva de har funne ut.
las peñas
las verbenas
las charangas
los gigantes y cabezudos
las cucañas
C. Las fiestas patronales de España
I Spania er det 17 autonome regionar, las comunidades autónomas, i tillegg til Ceuta og Melilla, som er autonome byar.
Veit du kva det vil seie at Spania er delt inn i autonome regionar?
Kor mange av desse 17 regionane kan du namnet på? Skriv ned dei du kan, og samanlikn med kartet etterpå. Vel pluss-symbolet for å forstørre biletet.
Vel ein av regionane og finn informasjon om ein fiesta patronal (feiring av vernehelgen) i denne regionen. Du kan velje ei feiring som gjeld heile regionen eller ein mindre by eller landsby.
Finn svar på desse spørsmåla:
¿Dónde se celebra esta fiesta?
¿Cuándo se celebra la fiesta?
¿Cómo se celebra?
Finn bilete som viser feiringa, og skriv eit kort svar til kvart av spørsmåla.
Gå saman med ein medelev. Vis fram bileta de har funne, og les det de har skrive, høgt for kvarandre.