Introducción: ¿Qué celebramos?
Her skal du jobbe med nokre ord som kan vere nyttige for å snakke om høgtider og tradisjonar.
Jobb saman i par. Les dei spanske orda høgt, og set dei om til norsk.
Høyr kvarandre. Den eine les det som står på kortet, og den andre set om til norsk. Byt roller for kvart kort eller når de kjem til kort 11.
Klar for ei utfordring? Gå bakover frå det siste kortet og set om frå norsk til spansk!
Snakk om høgtider i Noreg. Vel minst eit av bileta nedanfor og svar på spørsmåla.
¿Qué ves en la foto? Kva ser du på biletet?
¿Qué fiesta es? Kva høgtid er dette?
¿Cuándo se celebra esta fiesta? Når feirar ein denne høgtida?
¿Dónde se celebra? Kvar feirar ein?
¿Te gusta esta fiesta? ¿Por qué sí? / ¿Por qué no? Liker du denne høgtida? Kvifor eller kvifor ikkje?
Kva høgtider frå spansktalande land kjenner du til?
Jobb saman i par eller små grupper, og noter alle spanske eller latinamerikanske høgtider de har høyrt om.
Veit de litt meir om desse høgtidene, til dømes når dei er, eller korleis ein feirar dei?
Lag ei felles oversikt i klassen. Kor mange høgtider kjem de på?
Lag gjerne ei felles gloseliste (omtrent 20 gloser) med viktige nøkkelord til kvar høgtid.