Typisk norsk?

1. Vurder problemstillinga
Tenk deg at du skal gjennomføre eit forskingsprosjekt for å undersøke kva som er typisk norsk.
Vurder om "Kva er typisk norsk?" er ei god problemstilling. Ta utgangspunkt i desse kjenneteikna på ei god problemstilling:
relevant og aktuell
tydeleg og presis
anvendeleg og forskbar
open for refleksjon og drøfting
Du kan lese meir om desse kjenneteikna i artikkelen "Korleis lage ei god problemstilling".
2. Gjer problemstillinga betre
Lag ei ny problemstilling som du synest er betre enn "Kva er typisk norsk?". Bruk dei same kriteria som du brukte i oppgåve 1.
3. Vel metode
Korleis ville du gått fram for å finne ut av problemstillinga? Beskriv kort kva du ville gjort. Du får hjelp til å finne ut kva metodar du kan bruke, og kva du bør tenke på når du vel metode, i artikkelen "Korleis velje metode?"
4. Hypotesar
I denne oppgåva er det ikkje meininga at du skal gjennomføre sjølve forskingsprosjektet, men du kan spekulere litt rundt kva slags resultat du trur du ville fått. Slike spekulasjonar før du gjennomfører ei undersøking, blir gjerne kalla hypotesar. Formuler minst tre slike hypotesar.
5. Sjå film
I ein episode frå serien Sånn er Norge på NRK tek komikar og sosiolog Harald Eia for seg nettopp spørsmålet om kva som er typisk norsk? Sjå filmen (lengde 17:40) og jobb med oppgåvene under.
Korleis forstår Eia problemstillinga "Kva er typisk norsk?"?
Kva metodefeil åtvarar Harald Eia mot?
Kva slags metode vel Eia for å finne svar på problemstillinga? Beskriv korleis han går fram for å finne svar.
Samanlikn med ditt eige val av metode.
Samanlikn Eias resultat med hypotesane du sette opp. Er du inne på noko av det same?
Vurder Eias metode. Kva styrkar og svakheiter har den?