Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kultur og kulturfenomen

Fagstoff

Ein komparativ studie om Noreg og Japan

Vi skal i ein komparativ (samanliknande) studie ta for oss likskapar og forskjellar mellom japansk og norsk kultur. Vi skal gå nærare inn på tre område innan den norske og den japanske kulturen og sjå etter kva som er likt, og kva som er ulikt.

Kva tenkjer du på når du høyrer ordet Japan? Nokon vil kanskje sjå for seg Tokyos mange lysande neonskilt, høge skyskraparar og fargerike papirlykter. Nokon vil tenkje på sushi og norsk lakseeksport, nokon på stoiske samuraiar med sverd, mens andre tenkjer på uttrykksfulle japanske teikneseriar (manga) og animasjonar (anime).

Kva er ein komparativ studie?

Kva er ein komparativ studie, og kva er eigentleg formålet med han?

I antropologien seier vi ofte at det er i møte med andre vi definerer oss sjølve. Med andre ord: Ved å lære om ein annan kultur lærer vi òg om oss sjølve! Opplever vi noko ved ein annan kultur som rart og annleis, fortel det oss noko om oss sjølve så vel som om dei andre. Viss ein nordmann reagerer på at ein kinesar et hundekjøtt, fortel det oss ikkje nødvendigvis først og fremst noko om den kinesiske kulturen, men om den norske, og om forholdet nordmenn har til hundar.

Formålet med ein komparativ studie er å utvikle inngåande kunnskap om noko, og kanskje òg utvikle nokre teoriar eller hypotesar. Ved å gå nærare inn på noko spesifikt ved éin kultur, for deretter å sjå på det same fenomenet i ein annan, kan ein oppnå ei meir heilskapleg forståing av begge.

Tek du ein mastergrad i sosialantropologi i Noreg, utfører du eit halvt års feltarbeid i ein kultur kvar som helst i verda. I denne læringsstien skal vi gjere eit sosialantropologisk, digitalt minifeltarbeid i Japan. Før vi ser nærare på dei tre temaa vi skal samanlikne, er det på sin plass å vite litt meir om landet vi skal undersøkje.

Skrive av Julie Spro.
Sist oppdatert 16.06.2021