Kulturomgrepet
Kva er kultur?
Filmen under (lengde 11:12) gir ulike perspektiv på kultur og kva som er typisk for norsk kultur.
Kvifor må vi definere sentrale omgrep?
Kva tenker du på når du høyrer ordet kultur? Sjølv om vi kanskje tenker på mykje av det same, vil vi nok ha ulike assosiasjonar og forståing av kva kultur er. I daglegtale forstår vi ofte kva vi meiner gjennom dialogen, men i ein fagleg kontekst treng vi eit presist omgrepsapparat. Ein sosiolog vil definere omgrepet kultur ut frå rolla si som samfunnsvitar. Det inneber ei anna forståing og bruk enn til kvardags.
Når du til dømes skal skrive fagtekstar, må du avklare sentrale omgrep i teksten din fordi omgrep òg er verktøy for korleis du analyserer og drøftar i teksten. Ved at du avklarer sentrale omgrep, viser du
- at du veit kva du snakkar om
- at du bruker fagterminologien for det aktuelle faget, ikkje kvardagsspråk eller daglegtale, så språket blir meir presist og formelt
- at du er klar over at det finst andre definisjonar og fortolkingar av omgrepet
- at du unngår misforståingar ved at du viser kva for definisjon du legg til grunn og tydeleggjer teksten din for lesaren
- at du lærer omgrep ved å bruke dei aktivt, både skriftleg og munnleg, og du utviklar ordforrådet ditt
- at du kan sjå samanhengar i faget og konsentrerer deg om det som er sentralt
Hugs at du kan mykje allereie! Når du bruker omgrep, set du ord – riktig ord – på det du kan!
Døme: "norsk kultur"
Du blir beden om å reflektere og idémyldre rundt emnet "norsk kultur". Du tenker kanskje først og fremst på symbol, aktivitetar, språk eller anna som du assosierer med norsk kultur. Kanskje tenker du på at det er nokre forventningar til livsstil og åtferd, kanskje tenker du på at vi deltek på ulike arenaer gjennom livet, som familien, skule og arbeidsliv? Og kanskje tenker du at det ikkje går an å seie at noko er berre norsk kultur?
Først må du ha klart for deg kva som ligg i kultur. Du treng ei omgrepsavklaring.
Ein definisjon av kultur
Den britiske sosiologen Anthony Giddens definerer kultur slik:
"[...] verdiar medlemmer i ei gruppe har, normene dei følger, og dei materielle tinga dei skaper" (Giddens et al., 2024, s. 63, vår omsetjing).
Ut frå denne definisjonen ser du at det du er ute etter, er felles verdiar, normer og materielle objekt som kan kjenneteikne norsk kultur. Det kan òg vere at du tenker at norsk kultur består av mange ulike grupper. Då får du behov for fleire omgrep knytte til kultur: subkultur, delkultur, hovudkultur og parallellkultur. Når du skal sjå på normer, vil du òg få bruk for omgrep som normbrot, sosiale avvik og sanksjonar. Kanskje tenker du at kjønn vil vere viktig for å beskrive ulike forhold ved norsk kultur, då treng du omgrep som kjønnsroller og kjønnsrollesosialisering.
Når du skal lære deg omgrep, skjer det i fleire trinn. Du må
- gjere deg kjend med omgrepet
- forklare omgrepet for deg sjølv og andre
- bruke omgrepet
Å lære seg omgrep er ikkje berre "pugg og hugs", men ein aktiv læringsprosess med fleire nivå. Du lærer, bruker og nyttar omgrep, og du utviklar både fagspråk og kunnskap.