Tradisjonell arbeidsdeling – forholdet mellom nord og sør - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Tradisjonell arbeidsdeling – forholdet mellom nord og sør

Lett tilgang til råvara og effektive produksjonsmetodar forklarer ikkje aleine kvifor den internasjonale arbeidsdelinga er slik ho er i dag. Historisk sett har maktforholdet i verden vore skeivt fordelt mellom land i nord og land i sør.

Tradisjonell internasjonal arbeidsdeling

Når vi snakkar om internasjonal arbeidsdeling, skil vi gjerne mellom «tradisjonell internasjonal arbeidsdeling» og «den nye internasjonale arbeidsdelinga». Den tradisjonelle internasjonale arbeidsdelinga har røter tilbake til kolonitida, og dei maktstrukturane som blei etablerte på denne tida har lagt store føringar for samfunnsutviklinga både i nord og sør i ettertid.

Då utviklinga av europeisk skipsfart og betre navigasjonssystem skaut fart på 1500-talet, auka også kontakten mellom kontinenta. Dei første som reiste frå Europa til den nye verda var oppdagingsreisande og handelsmenn. Desse hadde med seg eksotiske varer tilbake til heimlandet og den rike adelen der, noko som ga meirsmak. Over dei neste hundreåra blei europeiske busetnadar og handelssentrum etablert i både Sør- og Mellom-Amerika, Søraust-Asia og etter kvart også i Afrika.

Parallelt med dette vaks industrisamfunnet fram i Europa. Den industrielle revolusjonen starta i England rundt midten av 1700-talet, og med den fekk kapitalismen betre fotfeste i samfunnet. Befolkningstalet auka, og meir effektive produksjonsmetodar blei nødvendig for å dekkje behova til stadig fleire menneske. Nye maskinar og ny teknologi gjorde det mogleg med produksjon i stor skala, og overskot frå produksjonen kunne brukast til å skaffe endå fleire produksjonsmiddel og råvarer. Med auka produksjonsvolum blei det også behov for fleire råvarer. Tida mellom 1870 og 1914 blir omtala som kolonialismen sin tidsalder. Mektige land i Europa konkurrerte no om makt seg imellom, og koloniane blei sett på som viktige for å forsyne kolonimakta med nødvendige ressursar.

Den økonomiske veksten til kolonimaktene

Med tilgang til fleire ressursar kunne kolonimaktene halde fram den økonomiske veksten sin. Det blei då viktig å kontrollere forsyningslinjene. Land som Storbritannia, Frankrike og Italia gjekk derfor inn for å sikre seg politisk og økonomisk kontroll over landområde, og for å erklære dei for «sitt» område. Ved bruk av både valdelege og ikkje-valdelege metodar tok ulike europeiske land kontroll over andre landområde, og dei råvarene som eksisterte i dei kontrollerte områda blei stort sett brukt til kolonimakta sin fordel.

Det var no kolonimaktene som bestemte kva for råvarer som skulle produserast kor, basert på behov og moglegheiter i Europa. På denne måten auka kolonimaktene sitt overskot, mens dei kolonialiserte landa meir eller mindre mista moglegheita til vekst. Denne epoken i historia danna grunnlaget for det internasjonale handelsmønsteret og arbeidsdelinga som i etterkant har blitt kalla nord/sør-problematikken. Her stod såkalla utviklingsland, eller u-land, for utvinning av råmateriale som kaffi, te, bomull og mineral. Reint geografisk var dette stort sett land sør for ekvator, tidlegare koloniområde med tropisk klima og gode vekstvilkår for ulike typar råvarer. Landa nord for ekvator, dei tidlegare kolonieigarane, var dei som hadde tilgang på teknologien og produksjonsmidla. Eit anna namn for desse landa er industrilanda eller i-landa. Deira rolle på den internasjonale arbeidsmarknaden bestod av vidareforedling og ferdigstilling av endelege produkt.

Skrive av Linda Næss.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019