Durkheim: arbeidsdeling og solidaritet - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Durkheim: arbeidsdeling og solidaritet

Er arbeidsdeling "limet" i eit samfunn? Ifølgje Émile Durkheim er eit samfunn avhengig av at alle gjer sin del av arbeidet. Samfunnet er eit puslespel der alle brikkene må fylle funksjonen sin og gjere jobben sin for at samfunnet skal vere harmonisk og velfungerande.

Samfunnet er ein organisme

I takt med aukande spesialisering og etter kvart som samfunnet går gjennom nye utviklingstrinn, får vi fleire ulike typar sosiale grupper. For å halde samfunn saman trengst det solidaritet, eller sosialt samhald. Dette betyr at menneske føler fellesskap ved at dei deler felles verdiar og andre sosiale band. Det er avgjerande for at samfunnet ikkje skal gå i oppløysing.

Emile Durkheim (1858–1917) såg på samfunnet som ein organisme som er sett saman av fleire ulike delar, kvar med sin eigen funksjon. Når alle delane i samfunnet fungerer, er samfunnet i ein normal situasjon. Uro og konflikt er derimot teikn på noko unormalt, at samfunnet er "sjukt".

Ifølgje Durkheim finst det to typar solidaritet: mekanisk og organisk. Omgrepet mekanisk solidaritet stammar frå naturvitskapen. Durkheim refererte til at i tradisjonelle samfunn er menneska bundne saman av interne krefter, på same måte som molekylsamband. Omgrepet organisk solidaritet er inspirert av biologien. Durkheim meinte at samfunnet er ein "kropp" der kvart organ er naudsynleg for at samfunnet skal fungere.

Mekanisk solidaritet

Durkheim hevda at nøkkelen til sosialt samhald var mekanisk solidaritet. Med det meinte han at menneske utviklar eit felles medvit når dei utfører oppgåver av same type. I eit jordbrukssamfunn, der alle må gjere sin del av til dømes innhaustinga, vil alle forstå korleis dei andre føler det. Menneska har eit felles medvit og ein felles lagnad. I slike samfunn vil det vere lite rom for å akseptere avvik, og ein føler seg som ein del av eit fellesskap. Det vil i tillegg vere ein naudsynleg føresetnad for at oppgåvene i samfunnet skal bli utført.

Tradisjonelle samfunn, der storfamilien dannar ramma for folk sine liv, blir kjenneteikna av mekanisk solidaritet. Slike samfunn er prega av lita grad av arbeidsdeling og nært fellesskap mellom samfunnsmedlemmene, og alle bidreg til hushaldet til familien.

Organisk solidaritet

Etter kvart som samfunnet veks i storleik og produksjonen blir meir spesialisert, skjer ei endring. I staden for at alle gjer omtrent dei same jobbane, arbeider samfunnsmedlemmene med ulike oppgåver. Nokre er frisørar, bilmekanikarar og bønder, andre er juristar og reinhaldsarbeidarar. Kvar enkelt aktivitet er med på å skape velferd for oss alle.

I slike samfunn vil det vere langt større aksept for avvik enn samfunn som er prega av mekanisk solidaritet. Ifølgje Durkheim fører denne spesialiseringa av arbeid til at vi blir avhengige av kvarandre. Denne nye forma for solidaritet, som er knytt til avhengnad, kalla Durkheim altså organisk solidaritet. Til forskjell frå tradisjonelle samfunn, er det ikkje relasjonen i storfamilien som skaper solidaritet, men relasjonane mellom dei ulike yrkesgruppene i samfunnet.

Kritikk av Durkheim

Durkheim sitt perspektiv – at samfunnet er ein organisme der kvar enkelt del fyller ulike funksjonar for at samfunnet skal bestå – føreset at samfunnet fungerer som ein harmonisk heilskap ved hjelp av solidaritet. Dette poenget vart Durkheims teori òg kritisert for. Gjensidig avhengnad skaper ikkje nødvendigvis solidaritet, men heller klasseskilje og klassekonflikt, som Marx påpeikte.

Dessutan kan vi stille spørsmål om det i det heile er mogleg å sjå på eit samfunn som ein organisme, der kvar del har den gitte funksjonen sin, sidan samfunn kontinuerleg blir endra.

Refleksjonsspørsmål

  1. Kva er forskjellen på eit harmoniperspektiv og eit konfliktperspektiv i sosiologi? Kva perspektiv meiner du Durkheim sin teori om arbeidsdeling representerer?

  2. Kan vi bruke omgrepet organisk solidaritet for å diskutere arbeidsdeling og spesialisering i samfunnet i dag?

Kjelder

  • Giddens, A., Duneier, M., Appelbaum, R. P. & Carr, D. (2016). Introduction to Sociology (10. utg.). W. W. Norton & Company.

  • Grine, K. & Nixon, D. (2015). The Sociology of Work (4. utg.). Polity Press.

  • Tjora, A. & Skatvik, F. (2018, 24. mai). Solidaritet. I Store norske leksikon. https://snl.no/solidaritet

Relatert innhald

Skrive av Kristin Sundstrøm og Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2021