Kunnskaps- og informasjonssamfunnet - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kunnskaps- og informasjonssamfunnet

Kunnskapssamfunnet er eit uttrykk som er hyppig brukt av mange. Kva meiner vi med kunnskapssamfunnet? I tillegg brukar vi også uttrykket informasjonssamfunnet i mange samanhengar, og ikkje minst knytter vi dei to uttrykka saman til eitt: «kunnskaps- og informasjonssamfunnet».

Kunnskapssamfunnet og informasjonssamfunnet

Bruk, utvikling og forbetring av verktøy, utstyr og maskinar som kan auke produksjonen, har vore viktig heilt sidan den industrielle revolusjonen. Etter kvart som den teknologiske utviklinga har skote fart, og automatisering og bruk av robotar aukar, meiner forskarar at vi no har forlate industrisamfunnet og tatt steget inn i eit informasjonssamfunn. Vi kan med andre ord forstå det ut frå korleis produksjon og arbeid har endra seg over tid, i dei ulike samfunnstypane:

Det betyr også at det blir stilt andre krav til kunnskap i arbeidsliv og samfunn. Det blir mindre behov for menneske i manuelle yrke etter kvart som «maskinane» har teke over fleire arbeidsoppgåver. Dette er eit tankekors, fordi det gjer noko med korleis vi verdset kunnskap. Det kan verke som om teoretisk kunnskap blir verdsett meir enn praktisk kunnskap, trass i at eit samfunn er avhengig av begge kunnskapstypane for å fungere som eit samfunn.

Eit kunnskapssamfunn blir kjenneteikna ved at kunnskap er ein premiss for at eit samfunn skal fungere og vareta samfunnsmedlemmane sine behov. Kunnskap skapast, delast og skal vere tilgjengeleg.

Vi bruker ofte uttrykket informasjonssamfunn i staden for eller saman med uttrykket kunnskapssamfunn. Viss vi skal driste oss til å skilje mellom dei to uttrykka, kan vi seie at informasjonssamfunn handlar i større grad om bruken av teknologi, IT og korleis teknologi blir brukt for å produsere og spreie informasjon. Slik sett går desse to uttrykka hand i hand: kunnskap og informasjon er sjølve tannhjula i samfunnsmaskineriet i dag.

Kunnskap er ikkje noko nytt, men det nye er korleis vi brukar og definerer kunnskap i dagens samfunn. Det har gått føre seg ei flytting frå maskinkraft til hjernekraft.

Postindustrielt samfunn

Den amerikanske sosiologen Daniel Bell (Bell i Giddens 2016, s 696) kalla skiftet frå eit industrisamfunn til eit samfunn basert på tenesteytande næringar for det post-industrielle samfunnet. Han peikte på at det post-industrielle samfunnet i stor grad var prega av høg utdanning, ekspertise og krav om teoribasert kunnskap, og majoriteten av arbeidstakarane arbeider med produksjon av kunnskap og informasjon, i motsetnad til industrisamfunnet sin vareproduksjon.

Omgrepa vi bruker om dagens samfunn er forskjellige, men beskrivingane har likskapstrekk. Kunnskaps- og informasjonssamfunnet er eit resultat av ei historisk utvikling, blant anna som følgje av informasjonsteknologi og globalisering. Arbeidsliv, sysselsetjing, kulturelle forhold, sosiale forhold, maktforhold og økonomiske forhold i eit samfunn blir endra og påverka i takt med samfunnet sine behov og bruk av spesialisert kunnskap og informasjon.[1]

Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019