Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Stereotypiar om den samiske befolkninga i Noreg

Stereotypiar påverkar ikkje berre korleis vi oppfattar andre menneske, men kan òg påverke korleis "dei andre" oppfattar seg sjølve. I Noreg finst det mange stereotypiske oppfatningar om samar.

Etniske stereotypiar

Her i Noreg har det samiske urfolket historisk sett hatt mindre makt enn majoritetsbefolkninga. Sjølv om forholda har betra seg dei siste tiåra, kjenner den samiske befolkninga etniske stereotypiar på kroppen. Samisk språk og kultur vart lenge rekna som noko negativt som hindra den samiske befolkninga i å ta del i samfunnet. Derfor sette den norske staten i verk ein intensiv fornorskingsprosess. Samane måtte bli norske for å kunne delta i det norske samfunnet.

Fornorskingsprosessane førte til at mange samar fekk eit anstrengt forhold til sin eigen identitet. Mange slutta til dømes å snakke samisk, og dei la den etniske identiteten sin bak seg. Dei såg på dei samiske trekka sine som noko negativt og valde å skjule dei for å bli meir inkluderte i samfunnet.

Stereotypiane har med andre ord ikkje berre påverka korleis den norske befolkninga har oppfatta samane, men dei har òg gjort noko med korleis nokre samar oppfattar seg sjølve. Negative skildringar kan føre til at dei som blir utsette for dei, til slutt trur på det dei andre seier. Stereotypiane kan slik bli ein del av det kulturelle sjølvbiletet til folk.

Dei etniske stereotypiane har altså for enkelte samar bidrege til eit negativt sjølvbilete. Sjølv om dette no har endra seg til det betre, er det likevel viktig å påpeike at det i lang tid prega enkelte samiske område, og at stereotypiane framleis kan påverke korleis enkelte oppfattar seg sjølve.

Nord-Noreg og Sør-Noreg

Grupper som bur og lever tett på kvarandre, kan lettare komme i spente situasjonar enn grupper som bur langt unna kvarandre. I Nord-Noreg har den samiske og norske befolkninga budd og verka i dei same områda. Dette har til dømes ført til usemjer knytte til utnyttinga av naturressursar når den norske og samiske befolkninga har ønskt tilgang til dei same ressursane. Slike konfliktar har påverka korleis gruppene oppfattar kvarandre, og det har mellom anna resultert i negative etniske stereotypiar retta mot samane.

Sør i Noreg har situasjonen vore ein annan. Etter revitaliseringa av samiske kultur på 1970- og 80-talet har mange kanskje hatt eit positivt og romantisk bilete av samar som ei gruppe som lever i pakt med naturen og gamle tradisjonar.

Sjølv om dette på mange måtar er ei positivt ladd framstilling, kan ein diskutere om slike stereotypiar, som gir inntrykk av noko eksotisk, er ein fordel for samane. Det blir skapt eit bilete av at urfolk er grupper som ikkje lever i tråd med den moderne verda og dei krava ho stiller. Kan slike førestillingar òg verke undertrykkande og avgrense moglegheitene til urfolk i samfunnet? Kva trur du?

Reindrift på Finnmarksvidda

Vi skal gå nærare inn på ein stereotypi som lenge har vorte kopla opp mot den samiske befolkninga, men stereotypien har nok ikkje har dei same assosiasjonane i heile Noreg.

Ein av dei mest kjende stereotypiane er at alle samar driv med reindrift. Denne beskrivinga er kanskje eit av dei mest kjente bileta av samar, og det blir ofte vist i media, skulebøker og reiselivsreklamar.

Idéen om samar og reindrift er ein stereotypi som har mange negative aspekt knytte til seg, til dømes at reindriftseigarar berre lever av subsidiar. Underteksten er at samar snyltar på staten. Det er lett å gløyme at resten av landbruket i Noreg òg får subsidiar, og til liks med reindriftssamar lever dei ikkje berre av desse, men av sal av råvarer. I tillegg er det mange som har fleire jobbar. Ikkje alle jobbar med reindrift på heiltid.

Ei anna inngrodd førestilling er at ein må drive med reindrift for å vere same. For enkelte samar har dette ført til at folk rundt dei ikkje har anerkjent den etniske identiteten deira, noko som i seg sjølv er undertrykkande. Tenk om andre ikkje anerkjenner den personen du oppfattar deg som?

Talet stemmer ikkje med stereotypien

Innlandskommunane Karasjok og Kautokeino ber sterkt preg av det samiske. Når du reiser i kommunane og områda rundt, er det uunngåeleg at du møter på samisk språk, samiske namn, kufter og andre kulturuttrykk. I tillegg er reindrifta utbreidd i desse områda. Derfor trur òg mange at det er der alle samane bur, og at dei driv med reindrift. Verkelegheita er ei anna.

Ifølge Statistisk sentralbyrå var det litt i overkant av 3000 personar som var knytte til reindrifta i 2011. Sidan det bur fleire titals tusen samar i Noreg, betyr altså dette at langt frå alle driv med reindrift og bur i innlandsområdet i Finnmark. Talet stemmer rett og slett ikkje med stereotypien. Viss ikkje alle driv med reindrift, må vi konkludere med at det eksisterer eit vesentleg mangfald internt i den samiske befolkninga, både når det gjeld yrke og bustad.

Mangfald

I dag lever dei aller fleste samane som alle andre i Noreg. Nokre bur på landet, enkelte ved kysten, og mange søker til byane. Det finst samar frå heilt nordaust i Finnmark til Sørlandet. Dei er studentar, legar, advokatar, fiskarar, idrettsutøvarar, sjåførar og sjukepleiarar. Lista er like lang som det finst yrke i Noreg. Vi kan altså ikkje gå ut frå at ein same er ein person som bur på Finnmarksvidda og driv med reindrift. Til det er mangfaldet for stort.

Sjølvsagt er det nokre som driv med rein, og det er eit av dei mest synlege samiske kulturtrekka, men det er ikkje beskrivande for den samiske befolkninga samla sett. Ein same kan like godt vere lærar som reindriftseigar. Yrket gjer ikkje personen til mindre same av den grunn.

Nokre kriterium må vere oppfylte viss ein skal drive med reindrift. Til dømes må foreldra eller besteforeldra ha levd av reindrift. Sidan dei fleste ikkje kjem frå familiar som har drive med reindrift, betyr det at dei fleste heller ikkje driv med rein.

Den samiske befolkninga består altså at av eit stort mangfald av menneske – og ikkje berre reindriftseigarar. Vi har sjølvsagt reindriftssamar, men det finst òg bysamar, skeive samar, samar som ikkje snakkar samisk eller bruker kufte, samar som bur i utlandet, samar som er ingeniørar og så vidare. Lista er lang, og ho blir berre lengre. Sjølv om stereotypiane gjerne vil presentere verkelegheita, så er realiteten rett og slett ein annan.

Skrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist oppdatert 18.06.2025