Identitet og levesett i Sápmi
Film: Identitet og levesett i Sápmi
Sjå filmen (lengde 8:13) og svar på oppgåvene under.
Oppgåver
I filmen fortel tre ungdommar om kva forhold dei har til samisk kultur. Kva betydning har den samiske kulturen for dei?
På kva for ulike måtar kjem det samiske til uttrykk hos dei tre?
Kva er dei viktigaste forskjellane mellom å vekse opp som del av ein samisk majoritet i Kautokeino og det å vekse opp som del av ein samisk minoritet i Oslo?
Inga Marja seier at reinen har ei sentral betydning for den samiske kulturen. Kvifor trur du reinen er så viktig for ein del samar?
Andrea Marie seier at ho angrar på at ho ikkje har hatt opplæring i samisk språk. Kva betydning har språk for identitet og kulturell tilhøyrsel, trur du? Ta gjerne utgangspunkt i deg sjølv, i språket ditt og kulturen din.
Lávre Johan seier at tradisjonane går vidare, men forandrar form. Korleis er han sjølv eit døme på det?
Kvifor trur du det er så viktig for desse tre å halde på den samiske identiteten og kulturen?
Kva verdi har det for majoritetsbefolkninga at urfolk og andre minoritetar får høve til å halde på sin eigen identitet og kultur?
Kva trur du den norske majoritetsbefolkninga kan lære av samisk kultur, levemåtar og tankesett?