Kva er sosial mobilitet?
1. Kva er sosial mobilitet?
Diskuter før de ser filmen (lengde 7:58).
Kva er sosial mobilitet? Gi konkrete døme.
Kvifor er det viktig å ha sosial mobilitet i eit samfunn?
2. Sosial mobilitet
Sjå filmen og svar på spørsmåla.
Kva er forskjellane på intergenerasjonell mobilitet og intragenerasjonell mobilitet? Gi konkrete døme.
Kva er strukturell mobilitet? Gi konkrete døme.
Kva kan bidra til å fremje og hemme auka sosial mobilitet?
Er det nokon forskjellar i synet på sosial mobilitet mellom Ivar Østby frå Arbeidarpartiet og Oda Solberg frå Høgre? Grunngi svaret.
Kva er forskjellen på individrelaterte og samfunnsrelaterte årsaker til sosial mobilitet? Gi konkrete døme.
Diskuter kvifor mobilitetsmønsteret i Noreg er så stabilt, spesielt blant dei som er høgt eller lågt plassert i samfunnet.
3. Fordjupingsoppgåve om strukturell mobilitet
Strukturell mobilitet i Noreg: Frå pyramide til diamant
Pyramide
Dei siste 150 åra har den strukturelle mobiliteten i stor grad endra Noreg. For 150 år sidan var det eit lagdelingsmønster med mange personar nedst i samfunnet, og så vart det gradvis færre etter kvart som ein nærma seg toppen, akkurat som i ein pyramide.
Diamant
I Noreg i dag er det framleis få på toppen, men det er langt fleire i midten og langt færre heilt nedst i samfunnet. Vi har derfor fått eit endra lagdelingsmønster med ein langt større middelklasse, akkurat som ein diamant som vidar seg ut i midten.
I modellane over finn du ein enkel framstilling av strukturell mobilitet i Noreg. Forklar modellen ved hjelp av eigne ord og døme.
Finn nokre konkrete døme på ulike former for sosial mobilitet. Bruk gjerne kjende personar eller di eiga slekt og familie, t.d. besteforeldre eller tippoldeforeldre.
Reflekter over korleis den sosiale mobiliteten vil endre seg i Noreg i framtida. Trur du at det blir høgare eller lågare sosial mobilitet? Grunngi svaret.