Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Det indiske kastesystemet

Menneske gjer forskjell på kvarandre. Alle menneske hamnar i ein eller fleire båsar. Nokre av desse båsane er tilsynelatande vanskelege å sleppe ut frå, til dømes kjønn og etnisitet. Her skal vi sjå nærare på eit liknande døme: det indiske kastesystemet.

Varna og jati

Kastesystemet er eit system som deler befolkninga inn i fem hovudkategoriar, eller samfunnsgrupper, såkalla varna. Desse fem gruppene er ordna hierarkisk frå høg til låg. Under desse hovudkategoriane finst det tusenvis av undergrupper, såkalla jati. Det er desse undergruppene som utgjer dei ulike kastane i det indiske samfunnet. Kastane er gjerne knytte til spesielle yrkesgrupper, og det er noko ein er fødd inn i.

På toppen av systemet finn vi bramanane (prestar). Dette er den høgaste kasten. Under bramanane kjem dei andre samfunnsgruppene i nedovergåande rekkefølge: kshatriyaane (krigarar og adel), vaishyaane (handelsfolk og bønder), shudraane (tenarar og arbeidarar) og til slutt, heilt nedst på rangstigen, har vi dalitane (dei undertrykte eller kastelause).

På engelsk blir den nedste gruppa kalla untouchables. Denne nemninga blei først brukt av britane. Dei oppdaga at personar frå høgare kastar ikkje utan vidare kunne røre ved dei kastelause. Viss dei uforvarande hadde rørt ein kastelaus, måtte dei gå gjennom store reinsingsritual for å "vaske" vekk den rituelle ureinleiken frå den kastelause.

Som ein konsekvens av den låge statusen har dei kastelause blitt fanga i eit apartheidliknande tilvære, skilt frå reell deltaking i det indiske samfunnet. Derfor har mange kastelause grupper danna eigne tempel og parallelle religiøse verder. Men sjølv om tanken var å gjere tilværet lettare, har dei alternative løysingane eigentleg berre forsterka den mindreverdige posisjonen deira.

Kastesystemet er ulovleg i India

Kastesystemet blei i teorien avskaffa i 1950, men i praksis blir det framleis halde ved like, spesielt på landsbygda, der tradisjonane står sterkt.

Fordeling og rangering

For antropologar har kastesystemet vore eit ynda forskingsmål. Vi skal ta ein titt på noko av det dei har sett på, mellom anna rolla kastesystemet speler, og betydninga det har i det indiske samfunnet. Vi har allereie vore inne på korleis systemet kan diktere livet til dei kastelause.

Kastesystemet kan seiast å vere knytt til India på to måtar. Ikkje berre er det ein del av den hinduistiske religionen, men det er òg, som vi har sett, med på å organisere det indiske samfunnet.

Kastesystemet deler samfunnet inn i ulike grupper, og denne kategoriseringa får konsekvensar for kva moglegheiter samfunnsmedlemmene har, og korleis dei skal oppføre seg i forhold til kvarandre, til dømes at personar av høgare kastar må gå gjennom ei rituell reinsing viss dei har rørt ved ein kastelaus.

Tanken om rituell reinleik og ureining får elles òg konsekvensar på andre område. Ein medlem av ei høg kaste kan mellom anna ikkje ete mat som er laga av ein person frå ei lågare kaste.

Vidare kan påverkinga frå kastesystemet grovt sett samanfattast i tre konkrete konsekvensar.

Det fører for det første til ei tydeleg åtskiljing. Medlemmer av ulike kastar har vanskar med å omgåast kvarandre. Det er til dømes ikkje mogleg å gifte seg på tvers av kastar.

Systemet fører for det andre til ei konkret arbeidsdeling. Kvar kaste har sine yrke, og det er ikkje lett for medlemmene å skifte yrke på same måte som vi er vane med her heime. Vi kan i aller høgaste grad seie at "skomakaren blir ved sin lest".

Til slutt har kastesystemet eit tydeleg hierarkisk preg; dei ulike kategoriane blir rangerte frå høge til låge kastar. Nokre kastar har altså meir prestisje enn andre. Det betyr ikkje at ein frå ein høg kaste nødvendigvis er rikare enn ein frå ein låg. Det finst mindre velståande bramanar. Av og til går altså kasteprestisjen framfor dei økonomiske faktorane.

Gjensidig avhengnad

Vi snakkar altså her om eit system som rangerer samfunnsmedlemmene, samtidig som det har eit sett reglar som regulerer korleis dei ulike kastane skal forhalde seg til kvarandre. Sjølv om forholdet mellom kastane ber preg av åtskiljing, må vi ikkje tru at dei eksisterer heilt uavhengige av kvarandre.

I og med at systemet ber preg av ei tydeleg arbeidsdeling, betyr det at kvar kaste har yrke som berre dei kan utføre. Kastane er derfor gjensidig avhengige av kvarandre. Dei høge kastane kan ikkje gå gjennom livet utan å måtte be nokon frå ei lågare kaste om hjelp – og omvendt.

Berre for hinduar?

Kastesystemet blir ofte framstilt som eit hierarkisk system som deler den hinduistiske befolkninga inn i fem kategoriar, men ei slik framstilling gir ikkje nødvendigvis den fulle og heile sanninga. Mange antropologar vil nok seie at dette er ei grov overforenkling, mykje fordi systemet òg omfattar ikkje-hinduar. Vi kan derfor ikkje gå ut frå at dette berre gjeld hinduar.

India har til dømes ei stor muslimsk befolkning, og dei blir ofte plasserte i eigne, låge kastar. I tillegg finst det mange ikkje-hinduistiske etniske grupper. Desse blir behandla som kastelause, og som vi veit, er ein slik posisjon langt frå fordelaktig.

Kastesystemet omfattar altså ikkje berre hinduar. Også andre religionar og etniske grupper blir sogne inn i systemet, med dei konsekvensane det får.

Tenk etter

Sosial mobilitet handlar om kor lett eller vanskeleg det er å bevege seg opp eller ned på den sosiale rangstigen. Kva gjer kastesystemet med den sosiale mobiliteten i India?

Kjelde

Eriksen, T. H. (2004). Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Universitetsforlaget.

Skrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist oppdatert 17.03.2026