Sosial mobilitet i ulike samfunn

Oppgåve 1
Les fagartikkelen "Det indiske kastesystemet", og sjå undervisningsfilmen under frå NRK Skole om kastesystemet i India (lengde 1:50).
Skriv ei kort samanfatning i stikkordform av det viktigaste innhaldet i artikkelen og filmen.
Oppgåve 2
Diskuter i gruppe eller par: Er det mogleg for menneske som er "fanga" i eit så strengt system å jobbe seg oppover i hierarkiet?
Les fagartikkelen "Kastesystemet: jati og sosial mobilitet", og summer opp i gruppe eller par kva sosial mobilitet i form av kasteklatring er. Forklar korleis det kan skje.
Oppgåve 3
Sjå filmen under om sosial mobilitet i det norske samfunnet (lengde 7:58).
Skriv eit refleksjonsnotat der du samanliknar og reflekterer over sosial mobilitet i det indiske kastesystemet og det norske samfunnet, og kva konsekvensar høg og låg sosial mobilitet kan føre til.
Bruk omgrepa intergenerasjonell mobilitet, intragenerasjonell mobilitet og strukturell mobilitet i refleksjonsnotatet.