Kva er kvalitativ metode?

Kvalitativ og kvantitativ metode
Det finst to hovudtypar av samfunnsvitskaplege metodar:
kvalitativ metode
kvantitativ metode
I eit kvalitativt forskingsopplegg vel ein ofte ut færre forsøkspersonar og går i djupna med dei. Ved hjelp av observasjonar eller intervju tolkar ein enkeltmenneskes opplevingar, erfaringar og haldningar for å oppnå større forståing av sosiale fenomen. Du kan til dømes intervjue asylsøkarar for å få betre forståing av korleis dei opplever møtet med det norske samfunnet.
I eit kvantitativ forskingsopplegg undersøker ein breiare og samlar ofte meir avgrensa informasjon om fleire menneske. Den informasjonen ein samlar inn, må òg kunne målast og uttrykkast ved hjelp av tal. Det gjer det mogleg å seie noko generelt om ei stor gruppe menneske. Vil du til dømes finne ut om mobbing er eit stort eller lite problem på skulen din, kan du bruke eit spørjeskjema for å registrere akkurat kor mange elevar på skulen som har opplevd mobbing.
Les meir om kvantitativ metode her:
Kvalitative metodar
Viss du ønsker å forstå korleis enkelmenneske opplever sin eigen situasjon, kvifor dei handlar på ein bestemd måte, korleis dei tenker, og kva motiv dei har, kan du bruke kvalitative metodar. Dei gir deg ei fyldig og meir detaljert forståing av enkelmenneske og gjer det lettare å forstå heilskapen i situasjonen deira. Kvalitative metodar eignar seg òg bra viss du skal undersøke noko du ikkje kjenner særleg godt, eller som det er forska lite på frå før.
Fordelar med kvalitativ metode er at han er fleksibel. Du kan forandre fokus i løpet av undersøkinga og forfølge nye, spennande tema som dukkar opp undervegs. Slik blir det lettare å avdekke spesielle og unike fenomen. Sidan metoden er livsnær, gjer han det lettare å forstå heilskapen i ein situasjon og sjå han innanfrå – frå forsøkspersonane sitt eige perspektiv.
Ei utfordring med kvalitative forskingsopplegg er at det kan vere vanskeleg å få innpass og tett kontakt med det miljøet og dei personane du ønsker å studere. Du kan heller ikkje bruke resultata av den kvalitative undersøkinga til å seie noko om større grupper i samfunnet. Sjølv om du i eit djupneintervju avdekker at ein ungdom med minoritetsbakgrunn opplever mykje skjult rasisme, kan du ikkje seie noko om kor stort dette problemet er blant ungdom i Noreg.