Kva er kvantitativ metode?

Kvalitativ og kvantitativ metode
Det finst to hovudtypar av samfunnsvitskaplege metodar:
kvalitativ metode
kvantitativ metode
I eit kvalitativt forskingsopplegg vel ein ofte ut færre forsøkspersonar og går i djupna med dei. Ved hjelp av observasjonar eller intervju tolkar ein enkeltmenneskes opplevingar, erfaringar og haldningar for å oppnå større forståing av sosiale fenomen. Du kan til dømes intervjue asylsøkarar for å få betre forståing av korleis dei opplever møtet med det norske samfunnet.
Les meir om kvalitativ metode her:
I eit kvantitativ forskingsopplegg undersøker ein breiare og samlar ofte meir avgrensa informasjon om fleire menneske. Den informasjonen ein samlar inn, må òg kunne målast og uttrykkast ved hjelp av tal. Det gjer det mogleg å seie noko generelt om ei stor gruppe menneske. Vil du til dømes finne ut om mobbing er eit stort eller lite problem på skulen din, kan du bruke eit spørjeskjema for å registrere akkurat kor mange elevar på skulen som har opplevd mobbing.
Kvantitative metodar
Kvantitative metodar kan du bruke viss du ønsker å seie noko om kor utbreidd eit fenomen er eller avdekke samanhengar. Dei kan hjelpe deg å sjå det som er felles og representativt for ei gruppe menneske. Viss du til dømes ønsker å finne ut om det er ein samanheng mellom alkoholbruk og skulk blant ungdom, kan du gjennomføre ei kvantitativ undersøking ved hjelp av ei spørjeundersøking.
Fordelen med kvantitative metodar er at dei gjer det lettare å sjå mønster og samanhengar i samfunnet. Du kan bruke resultata av undersøkingane dine til å generalisere. Det vil seie at du kan seie noko generelt om ei stor gruppe menneske, til dømes kor vanleg det er at norske ungdommar engasjerer seg politisk. Det kan òg vere lettare å samanlikne dei resultata du har komme fram til, med andre undersøkingar og relevant statistikk når du undersøker kvantitativt. Det kan vere ein fordel, men òg ei ulempe, at du ofte får noko avstand til det du studerer, og lettare kan sjå det frå utsida.
Ulempene med kvantitative metodar er at dei er lite fleksible, og du kan risikere å gå glipp av viktig informasjon ved det du studerer. Du kan ikkje forandre spørsmåla undervegs og forfølge nye og interessante spor. Du får heller ikkje vite så mykje om kvar person du undersøker. Det kan gjere det vanskelegare å avsløre om nokon ikkje svarer ærleg sidan du ikkje blir like godt kjend med dei du forskar på, og du kan heller ikkje stille oppfølgingsspørsmål.