Sikkerheitsbehov i samfunnet
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Tenester som vaktverksemdsbransjen utfører
Gjennom tenestene dei utfører, gjer vaktverksemdsbransjen ein viktig jobb for å trygge samfunnet. NHO sin årlege rapport Tall og Trender: Sikkerhet og Beredskap inkluderer statistikk over innsatsen som vektarane gjer i samfunnet. Her har vi plukka ut nokre nøkkeltal:
Vakthaldstenester | 2025 | endringer frå 2024 |
|---|---|---|
Sikkerheitsassistanse (talet på gonger) | 44 710 | + 58,1% |
Meldingar på vegner av kundar (talet på gonger) | 16 206 | - 16,4 % |
Førstehjelp frå vektere (talet på personar) | 2 582 | + 27,6 % |
Redda liv (talet på personar) | 318 | + 5,3 % |
Sikkerheitsassistanse
Vektarar gir sikkerheitsassistanse i situasjonar som blir melde inn. Det kan vere utrykking til heis- og sikkerheitsalarmar eller bistand til helsepersonell. Det kan òg vere trusselsituasjonar ved til dømes offentlege kontor, serveringsstader og butikkar.
Meldingar
Vektarar melder saker på vegner av kundar. Desse sakene dreier seg i stor grad om hærverk og innbrot.
Førstehjelp og livredning
Førstehjelp og livreddande innsats på offentlege stader er ei viktig oppgåve for vektarar. Vektarar tek leiinga eller hjelper til i situasjonar som dreier seg om alt frå blokkerte luftvegar til hjartestans og overdosar.