Sikkerheitsbehov der du bur
Tenk deg at du skal opprette ei ny vektarteneste eller eit sikkerheitsselskap på heimstaden din. Kva tenester og produkt vil du tilby?
I denne oppgåva skal du sjå på heimstaden din med eit blikk for risiko. Finn ut kva sikkerheitsbehov som finst. Kva tenester og produkt kan du tilby for å tryggje heimstaden din?
Oppgåve
| Hending/aktivitet | Kva kan skje? | Korleis kan selskapet mitt forhindre at det skjer? | Kva kan selskapet mitt gjere viss det skjer likevel? |
|---|---|---|---|
Fyll ut skjemaet ovanfor for å få oversikt over lokale aktivitetar og hendingar.
Lag ein skriftleg rapport basert på sikkerheitsbehova du fann. Finn du mange, kan du velje ut tre. Ta med kjeldene du brukte for å finne sikkerheitsbehova.
Rapporten skal også innehalde forslag til sikkerheitstiltak og argument for å setje inn vakttenester slik du føreslår.Presenter rapporten.