Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Manuelle sikkerheitstiltak

Sikkerheitstiltak som blir utførte av menneske, blir kalla manuelle sikkerheitstiltak. Dei kan utførast av eigne tilsette eller innleigde vektarar.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Formålet med manuelle sikkerheitstiltak

Manuelle sikkerheitstiltak er jobben menneske utfører for å sikre verdiar. Målet med manuelle sikringstiltak er å redusere risikoen for uønskte hendingar som brann, lekkasje, kriminelle handlingar og driftsstans.

Førebyggande effekt

Som vektar vil du sannsynlegvis oppleve at arbeidsgivaren din er oppteken av at du er aktiv og synleg på objektet der du jobbar. Det er det gode grunnar til. Synlege og aktive vektarar er eit førebyggande tiltak som verkar trygge på publikum.

Det kan verke meir roande å vite at det finst ein vektar i nærleiken, enn å vite at området er kameraovervakt. Du gjer ein viktig jobb ved å vere aktivt til stades.

Inngangskontroll

Den manuelle sikringa er likevel meir enn berre vaktrundar. Inngangskontroll der vektaren sjekkar ID og kontrollerer bagar/vesker, er ei form for manuell sikring. Ein vektar som tek hand om pengetransport og vakta i resepsjonen som registrerer besøkande, utfører òg manuelle sikkerheitstiltak.

Sikre verdiar

Manuelle sikkerheitstiltak er med andre ord jobben menneske utfører for å sikre verdiar. I den relaterte artikkelen nedanfor kan du lese meir om vakttenestene som høyrer inn under manuelt sikkerheitsarbeid.

Ulike former for manuelle sikkerheitstiltak

Om vi bruker eigne tilsette, blir det kalla internt vakthald. Alternativt kan ei verksemd kjøpe tenester frå eit vaktselskap som gjennomfører den manuelle sikringstenesta. Det finst mange vaktselskap i Noreg. For å kunne drive vaktverksemd må selskapet ha løyve frå styresmaktene.

Mobilteneste

Ein mobil vektar har uniform og bruker bil for å komme seg frå kunde til kunde. Vektaren gjennomfører gjerne ein inspeksjonsrunde hos kundane.

Mobile vektarar er ofte på jobb om kvelden og natta, og sjekkar at vindauge og dører er låste. Vektarane kan sjå etter teikn på innbrot eller hærverk. Somme verksemder har òg inspeksjon inne, og då slår vektaren av lys og kaffitraktarar, låser dører og gjer andre oppgåver som kunden ønsker utførte for å vere nøgd med sikkerheita.

Ein vektar som går vaktrunde på eit område, kan nytte seg av tekniske hjelpemiddel (teknisk sikring) som å skanne kontrollpunkt, men sjølve vaktrunden blir gjennomført av eit menneske – han er altså manuell.

Resepsjonsteneste

Somme verksemder leiger inn vektarar til å betene inngangskontrollen i bygningen sin. Då er det ein vektar som registrerer når det kjem besøkande og leverer ut besøkskort til dei. Mange stader er det slik at den som skal ha besøk, må møte gjestene sine i resepsjonen.

Andre oppgåver ein innleigd vektar har i resepsjonen, er å betene telefonen, motta post og pakkar, sjekke videoovervakinga og gjere andre oppgåver som kunden ønsker utførte.

Vaktsentral

Mange vaktselskap har ein vaktsentral. Sentralen er bemanna av ein sikkerheitsmedarbeidar.

Arbeidsoppgåvene for denne medarbeidaren er å motta alarmar og følge med på video-overvakinga av bygningar eller område. Hen tek òg imot meldingar frå vektarar ute på oppdrag.

I tillegg sjekkar vaktsentralen at vektarane kjem på jobb til rett tid, slik at kundane får dei tenestene dei betaler for. Vaktsentralen har òg jamleg kontakt med vektarane for å sjekke at alt er ok. Det er viktig for vektarane si eiga sikkerheit.



Skrive av Anki Olsen.
Sist oppdatert 14.05.2024