Tiltaksplanar - Sikkerheit (SR-SSH vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Tiltaksplanar

Ein tiltaksplan er ei oppsummering av det som må gjerast for å redusere risikoen i verksemda. Tiltaksplanen blir laga på grunnlag av ein risikoanalyse.

Arbeidsmiljølova krev at bedrifter skal utarbeide planar og setje i verk tiltak for å redusere risiko.

Foreslå sikkerheitsstiltak i ein tiltaksplan

Under arbeidet med å gjennomføre ein risikoanalyse kartlegg vi uønskte hendingar og lagar dessutan ei risikovurdering for desse hendingane.

Sikkerheitstiltaka som vi foreslår, kan ha to ulike formål.

Dei skal anten

  • redusere sannsynet (Tiltaka skal hindre at den uønskte hendinga skjer.)

eller

  • redusere konsekvensane (Tiltaka skal redusere skadane dersom ei uønskt hending skjer.)

Tiltaksplanen blir ofte opp sett i ein tabell. Planen skal vere enkel å følge opp og gjerast tilgjengeleg for alle medarbeidarane, til dømes på .

Her ser du eit døme på ein påbegynt tiltaksplan for Leketøybutikken AS. Risikotalet (*) er overført frå risikoanalysen, der vi har vurdert sannsyn og konsekvens.:

Påbegynt tiltaksplan

Hending

Risikotal*

Tiltak

Tidsfrist

Kostnad

Ansvarleg

Tjuveri

4

Alarmbøyle ved utgang
og alarmer på
leikene

30.08.xx

3000

Dagleg leiar



Sentervektar innom
1 gong i timen
01.01.xxIngen Dagleg leiar
Kurs for tilsette01.10.xx30 000Dagleg leiar

Brann

3

Mobbing

3

Gjennomføre og følge opp tiltaksplanen

Etter at tiltaksplanen er laga, er det sjølvsagt viktig at han blir følgt opp. Den ansvarlege (dagleg leiar i mindre bedrifter eller sikkerheitsansvarleg/HMS-ansvarleg i større bedrifter) må rapportere om kva for nokre tiltak som er sette i verk.

For Leikebutikken AS i dømet over vil det vere naturleg å la tilsette gå på kurs, slik at dei får auka kompetanse for å kunne handtere tjuveri og ran. Kanskje treng dei eit slikt kurs annakvart år for å kjenne seg trygge.

Kostnaden ved å investere i alarmbøyle ved utgangen er stor. Kanskje viser det seg at budsjettet ikkje har rom for denne investeringa likevel. I så fall må dagleg leiar revurdere tiltaksplanen og sjå om det er andre tiltak som kan gjere same nytta som ein alarmbøyle.

Tenk over

Koleis ville du ha fylt ut tiltaksplanen for dei uønskte hendingane brann og mobbing?

Skrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.03.2021