Hjarte- og lungeredning, HLR
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Film om hjarte- og lungeredning
Filmen under (lengde 2:46) viser kva du skal gjere ved akutt sjukdom eller skade.
Tidleg varsling
Ring 113 så snart du mistenker at det er ein alvorleg situasjon der førstehjelp er nødvendig. Tidleg varsling sikrar at hjelpa kjem raskare fram, og du får rettleiing om korleis du utfører førstehjelp.
Start så med å undersøke personen etter hugseregelen BLÅS: bevisstheit, luftvegar, ånding (anding) og sirkulasjon. Du kan lese meir i artikkelen "Den første undersøkinga".
Slik utfører du HLR
- Personen bør ligge på eit hardt underlag. Dra derfor personen ned på golvet viss det er nødvendig.
- Start HLR med ein gong: 30 brystkompresjonar, deretter 2 innblåsingar (30:2).
- Ved HLR bør brystkompresjonane vere 5–6 cm djupe med ei takt på 100 i minuttet.
- Innblåsingane blir gjennomførte ved at du legg munnen din over munnen til personen samtidig som du bøyer hovudet til personen bakover og løftar haka opp. Lukk nasen til personen med fingrane.
Bruk cirka ett sekund per innblåsing, og avslutt når brystkassa hevar seg.
Er hjartestartar tilgjengeleg, be nokon hente han. Start denne med ein gong og følg rettleiinga som blir gitt.
Hald fram HLR utan stopp. Viss det er fleire personar til stades, byt på å gi hjartekompresjonar, for dette er ein tung jobb.
Stabilisering av nakke skal ikkje prioriterast dersom det er behov for frie luftvegar og HLR.
- Hald fram HLR utan stopp heilt til profesjonell hjelp tek over.

Slik utfører du HLR på barn
Hjartestans hos barn er svært sjeldan. I dei fleste tilfella oppstår hjartestans hos barn fordi det har sett noko i halsen eller har drukna.
- Barnet bør ligge på eit hardt underlag. Løft barnet ned på golvet eller anna hardt underlag.
- Det er vanleg å skilje mellom spedbarn frå 0–1 år og barn frå 1 år til pubertet.
Spedbarn
- Start med 5 innblåsingar.
- Innblåsingane blir gjennomførte ved at du legg munnen din over munnen og nasen til barnet samtidig som du held hovudet til barnet i ein nøytral posisjon og løftar haka fram. Sjå at brystet hevar seg.
- Hald fram med HLR: 30 brystkompresjonar, deretter 2 innblåsingar (30:2).
- Brystkompresjonane på eit spedbarn bør gjennomførast med to fingrar. Brystkassa hos eit spedbarn er mindre og mjukare enn hos vaksne, så bruk mindre kraft. Bruk ei takt på 100 i minuttet.
- Hald fram HLR utan stopp heilt til profesjonell hjelp tek over.
Barn frå 1 år til pubertet
- Start med 5 innblåsingar.
- Innblåsingane blir gjennomførte ved at du legg munnen din over munnen til barnet, samtidig som du bøyer hovudet til barnet forsiktig bakover og løftar haka opp. Lukk nasen til barnet med fingrane. Sjå at brystet hevar seg.
- Hald fram med HLR: 30 brystkompresjonar, deretter 2 innblåsingar (30:2).
- Små barn: bruk eihands-teknikk. Trykk handbaken på ei hand ned på brystkassa til barnet. Brystkassa hos eit mindre barn er mindre og mjukare enn hos større barn og vaksne, så bruk mindre kraft.
- Større barn: kompresjonane skal vere ca. 5 cm djupe og utførast med to hender på brystkassa, som på vaksne. Bruk ei takt på 100 i minuttet.
Hald fram HLR utan stopp heilt til profesjonell hjelp tek over.
Sidan hjartestans hos barn som oftast kjem av mangel på oksygen, vil det viktigaste vere å gjennomføre brystkompresjonar og innblåsingar.
Relatert innhald
Førstehjelpsutstyr på arbeidsplassen sikrar trygg handtering av skadar og akutte sjukdomstilfelle for tilsette, pasientar, kundar og brukarar.
Tidleg start av hjarte- og lungeredning bidreg til auka overleving. Det er viktig å ha både teoretisk og praktisk kunnskap om dette temaet.