Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Framandlekam i luftvegane

Ein framandlekam i luftvegane kan raskt føre til ein svært kritisk situasjon. Førstehjelpstiltak er derfor viktig for å skape eit indre trykk slik at framandlekamen blir pressa ut. Barn er spesielt utsette, men òg eldre og svekte personar.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Film om førstehjelp ved framandlekam i luftvegane (1:29)

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Teikn på framandlekam i halsen

  • Akutte pustevanskar og hoste.
  • Panikkjensle, personen tek seg gjerne til halsen.
  • Ved fullstendig tilstopping vil personen først bli raud i ansiktet, deretter blå og gispe etter luft.
  • Personen klarer verken å snakke eller hoste.

Førstehjelpstiltak ved framandlekam i luftvegane

Ring 113, her vil du få rettleiing og hjelp.

Person med pustevanskar som klarer å snakke og hoste:

Oppmod personen til å hoste. Dette er mest effektivt.

Person som ikkje klarer å snakke eller hoste fordi luftvegane er blokkerte:

Barn under eitt år:

  • Legg barnet langs låret ditt og hald hovudet lågt. Hald ei hand under brystet på barnet og ei hand på ryggen til barnet. Dette gjer det enklare å snu barnet.
  • Veksle mellom 5 slag midt mellom skulderblada og 5 brystkompresjonar.

Barn over eitt år og vaksne:

  • Stå bak personen og hald rundt vedkommande.
  • Bøy hovudet til personen framover.
  • Veksle mellom å gi 5 kraftige slag midt mellom skulderblada på ryggen følgt av 5 kraftige støyt øvst i magen (Heimlichs manøver).

Person som er eller blir medvitslaus:

Start hjarte- og lungeredning med 30 kompresjonar følgde av 2 innblåsingar (30:2). Sjå raskt etter framandlekamen i munnen før kvar innblåsing.

Vær alltid forsiktig når du skal prøve å fjerne framandlekamen frå munnhòla. Det er lett å skyve framandlekamen lenger ned.

Følg instruksjonane for hjarte- og lungeredning.

Viss du er åleine – Heimlichs manøver gjennomført på deg sjølv:

  • Knyt hendene like over navlen.
  • Gi deg sjølv kraftige støyt oppover magen.
  • Len deg eventuelt over ein stolrygg for å oppnå det same.

Kjelder

Fremmedlegeme i luftveiene. (2019). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 6. januar 2020 frå https://nhi.no/forstehjelp/luftveier/fremmedlegeme-i-luftveiene/

Fremmedlegeme i luftveiene – generelt. (2018). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken (6. utgåve). Henta 6. januar 2020 frå https://www.lvh.no/naar_det_haster/fremmedlegeme_i_luftveiene/fremmedlegeme_i_luftveiene/generelt

Helsedirektoratet (2016). Førstehjelp hvis noe sitter fast i halsen, nesen eller øret. Henta 31. mai 2020 frå https://helsenorge.no/forstehjelp-og-skader/fremmedlegeme-i-neser-og-luftveier

Relatert innhald

Skrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 11.11.2025