Førstehjelp ved overdose

Overdosedødsfall
I 2022 var det 321 overdosedødsfall i Noreg. Av desse var 68 prosent menn. Cirka 40 prosent av overdosedødsfalla skjer i det offentlege rommet – til dømes på samlingsstader for rusmiddelavhengige eller toalett på kjøpesenter.
Symptom på overdose
Ved overdose går pulsen ned, og pusten blir svekt. Nokre gonger kan det føre til hjartestans eller pustestans. Negler, fingertuppar og lepper kan bli blå som følge av utilstrekkeleg tilgang på oksygen i blodet.
Andre symptom på overdose kan vere kvalme, brekningar, magesmerter, krampar og muskelsamantrekkingar.
Førstehjelp
Undersøk pasienten og sjå etter symptom. Ved mistanke om overdose ring 113. Nødsentralen vil rettleie deg vidare. Gi Nalokson nasespray (motgift) dersom du har det.
Ved behov må du starte hjarte- og lungeredning, med 30 brystkompresjonar og 2 innblåsninger. Hald på med hjarte- og lungeredning til ambulansen kjem, eller til personen pustar normalt.
Tenk på eigen tryggleik – bruk hanskar og maske.
Relatert innhald
Tidleg start av hjarte- og lungeredning kan vere med å betydeleg auke moglegheita ein person har til å overleve. Her tel kvart minutt!