Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Ruspåverknad hos tilsette

Ruspåverknad kan føre til farlege situasjonar og vere ei utfordring for tryggleiken. På arbeidsplassar gjeld reglane i bedrifta for rusmiddelbruk, og i enkelte bransjar kan arbeidsgivaren krevje ruskontroll av dei tilsette. Kva seier regelverket om ruspåverknad på arbeidsplassen?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Det er arbeidsmiljølova som regulerer moglegheita til å utføre rustesting av tilsette. I stillingar der rusmiddelbruk inneber konkret og akutt fare, eller for stillingar som krev pliktmessig fråhald, kan rustesting gjennomførast etter fastsette rutinar i samarbeid med tillitsvalde.

Pliktmessig hald

Nokre yrkesgrupper og bedrifter forpliktar seg til pliktmessig fråhald. Det vil seie at i ein viss tidsperiode før arbeid, og dessutan i arbeidstida, skal dei heilt unngå rusmiddel. Yrkesgrupper i servicebransjen – til dømes vektarar – har i tillegg eit ansvar for å vere eit godt føredøme ved å representere verdiane til vaktselskapet. Vektarar skal til dømes ikkje kjøpe alkohol iført uniform.

AKAN og AKAN-modellen

AKAN tilbyr kurs og rettleiing for bedrifter i arbeidet med rus- og avhengnadsproblematikk på arbeidsplassen:

Akan: Alt om AKAN-modellen

Akan: Veileder i AKAN-modellen

Relatert innhald


Skrive av Anki Olsen.
Sist oppdatert 07.05.2021