Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Den første undersøkinga

Når du kjem i ein situasjon der ein person treng førstehjelp, må du først få oversikt over situasjonen. Det gjer du ved å skaffe deg eit overblikk over skadestaden. Kva har skjedd, er det nokon fare for deg, og kor alvorleg er situasjonen for personen?

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

BLÅS

For å vurdere kor alvorleg situasjonen er for personen, og kva hjelp hen treng, vil det vere eit godt utgangspunkt å undersøke personen etter hugseregelen BLÅS. Han gjer det enklare for deg å hugse kva du skal gjere i ein stressa situasjon. BLÅS fortel kva du bør sjekke først.

  • B = bevisstheit (medvit)
  • L = luftvegar
  • Å = åndedrett (andedrag)
  • S = sirkulasjon

Medvit

  • Sjekk om personen er medviten. Rist i personen og rop: "Hei, kan du høyre meg?"

  • Viss personen svarer: Sjekk om hen er orientert om tid og stad.

  • Dersom personen ikkje reagerer: Kontakt medisinsk nødtelefon ved å ringe 113. Set samtalen på høgtalar slik at du kan få rettleiing frå AMK-operatøren og ha frie hender til å undersøke pasienten og utføre førstehjelp.

Luftvegar

  • Sjekk om personen har frie luftvegar.

  • Opne munnen til personen og sjå om det ligg noko der.

  • Fjern framandlekamar som oppkast, matrestar eller liknande.

Åndedrett/andedrag

  • Sjekk om personen pustar.

  • Viss ja, korleis pustar personen? Er det normalt?

  • Viss du ikkje merkar pust, legg øret inntil munnen til personen og høyr etter pustelydar. Du kan kjenne ein luftstraum viss personen pustar.

  • Sjå på brystet til personen om det hevar og senkar seg.

Sirkulasjon

  • Sjekk om personen har pågåande bløding. Er det synleg blod?

  • Korleis er hudfargen til personen? Gråleg eller blåleg?

  • Ikkje bruk tid på å sjekke pulsen til personen viss du ikkje er trena på dette. Då kan verdifull tid gå tapt.

Film om den første undersøkinga

I filmen under (lengde 1:54) blir ein syklist påkøyrd av ein bil. Den som gir førstehjelp til den skadde personen, bruker hugseregelen BLÅS.

Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Førstehjelpstiltak

  1. Ring medisinsk nødtelefon 113 med det same om du mistenker ein alvorleg situasjon der førstehjelp er nødvendig. Tidleg varsling gjer at AMK-operatøren raskt kan sende hjelp og samtidig rettleie deg gjennom kva du skal gjere.
  2. Viss personen ikkje pustar: Sikre frie luftvegar ved å bøye hovudet bakover og løfte kjeven opp. Ikkje bruk meir enn ti sekund på å bestemme deg for om du skal starte HLR eller ikkje.
  3. Dersom personen pustar: Observer vedkommande i minimum eit minutt og legg vedkommande i sideleie.
  4. Viss personen ikkje er medviten og ikkje pustar normalt: Start umiddelbart hjarte- og lungeredning.

Kjelder

Helsedirektoratet (2019). Hjerte- og lungeredning (HLR). Henta 8. november 2019 frå https://helsenorge.no/forstehjelp-og-skader/hjerte-og-lungeredning#BLC\\38\\5S

Hjerte- og lungeredning (gjenoppliving) på voksen person. I T. Johannessen (red.), Norsk helseinformatikk. Henta 8. november 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/bevisstloshet/hjertelungeredning-voksen/

Røde Kors. (2025, 27. januar). Pasientundersøkelsen – ABCD prinsippet for førstehjelp. https://www.rodekorsforstehjelp.no/rad-og-informasjon/forstehjelptips/pasientundersokelsen/

Relatert innhald

Skrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 25.09.2026