Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Hatytringar

Mange møter hatytringar kvar dag på internett. Du kan finne dei i kommentarfelt, aviser og sosiale medium. Kva er ei hatytring, og kvifor er det eit problem med slike ytringar?

Film om hatprat

Mange unge har opplevd hatytringar på sosiale medium. Her kan du sjå ein undervisningsfilm om hatprat (lengde 8:23), og om kva det gjer med oss som menneske å bli utsette for hatefulle ytringar og digital mobbing.

Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Tenk over og diskuter

  • Filmen de har sett, er frå 2017. Er døma i filmen framleis relevante, eller ser hatytringar annleis ut i dag?

  • Kva for konsekvensar kan hatytringar få?

  • Kva kan de sjølv gjere om de får hatefulle ytringar mot dykk?

Har du møtt Ølhunden Berit?

I NRK-serien Ølhunden Berit møter vi ein mann som sit bak dataskjermen og skriv hatefulle ytringar og truslar. Han bruker fleire ulike kontoar med anonyme brukarnamn. Når han blir avslørt og sjølv utsett for angrep, blir han tvinga til å få eit nytt perspektiv på livet. Sjå første episode av serien: "1. Berit".

Tenk over og diskuter

  • Har de sett liknande meldingar som dei i tv-serien?

  • Får de noko inntrykk av kvifor hovudpersonen skriv hatefulle ytringar etter å ha sett første episode? Kvar kjem hatet frå?

  • Korleis reagerer den kvinnelege komikaren når ho les hatytringane? Korleis stemmer dette med det de såg i undervisningsfilmen om hatytringar?

  • Bør det vere forbode å skrive anonymt i sosiale medium? Grunngi svaret!

Kvar går grensa?

Det er eit viktig demokratisk prinsipp at alle skal kunne seie meininga si og delta i den offentlege diskusjonen. Du har lov til å vere ueinig med andre, kritisere politikk og religion, idéar eller maktpersonar sine handlingar. Du kan òg bruke humor og satire for å nå fram med det du meiner. Det betyr ikkje at du kan seie eller skrive kva du vil.

Ifølge Politiet er dette definisjonen på ei hatytring:

Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller håne (forhåne) noen, eller fremme hat, forfølgelse eller forakt (ringeakt) overfor noen på grunn av deres

  • hudfarge, nasjonal eller etniske opprinnelse

  • religion eller livssyn

  • seksuelle orientering

  • kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

  • nedsatte funksjonsevne

Politiet. (u.å.).

Ei sterk meining kan vere tydeleg og kritisk, men ho rettar seg mot idéar eller handlingar, ikkje mot verdet til eit menneske.

Hatytringar og straffelova

Diskriminerande eller hatefulle ytringar kan rammast av straffelova § 185. Symbol blir òg rekna som ytring. Den som set fram ei slik ytring, kan straffast med bot eller fengsel inntil 3 år.

Kjelde:

Politiet. (u.å.). Hatefulle ytringer. Henta 13.01.26 frå https://www.politiet.no/rad/hat-ytringer-og-trusler/hatefulle-ytringer#hva-er-hatefulle-ytringerhva-er-hatefulle-ytringer

Tenk over og diskuter

  • Kvar går grensa for kva vi bør få lov til å seie? Kom med døme.

  • Eit vanleg forsvar frå dei som har skrive eller sagt noko stygt, er “Det var jo berre fleip“. Kva meiner de om ei slik unnskyldning?

Skrive av Inga Berntsen Rudi og Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 09.04.2026