Gjennomføring av ein risikoanalyse

Risikoanalyse – metode 1
Når vi bruker denne metoden, kombinerer vi nivåa for sannsyn og konsekvens i eit risikodiagram:
Til hjelp i dette arbeidet bruker vi eit skjema for risikovurdering:
Skjema for risikovurdering, nn
Risikoanalyse – metode 2
Den andre typen risikoanalyse kan gjerast ved hjelp av eit 3 x 3-skjema.
Både sannsyn og konsekvens kan då ha verdiane 1, 2 eller 3 (men aldri 0). Det betyr at den høgste risikoen er 9 og den lågaste 1.
Dersom du har vurdert ei uønskt hending til å ha sannsyn 2 og konsekvens 3, vil du med andre ord ende opp i raudt felt i matrisa under (2 x 3 = 6).
Kva metode du vel for å gjennomføre ein risikoanalyse, er ei smakssak. Det viktigaste er korleis du grunngir valet av sannsyn og konsekvens.
Forklar val av sannsyns- og konsekvensnivå ut frå den uønskte hendinga, og ut frå dei tiltaka som verksemda allereie har sett i gang. Der du ser at det er nødvendig med nye tiltak, er du over på punkt 5 i metoden for risikoanalyse: å foreslå sikkerheitstiltak.
Relatert innhald
Ein tiltaksplan eller ein handlingsplan skal vere ei oppsummering av det som må gjerast for å redusere risikoen i verksemda.