Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Ungdomsparti og politiske ideologiar

Korleis kan vi skape eit godt samfunn? Dei politiske partia har ulike idéar og tankar om korleis samfunnet burde organiserast og utformast. Utforsk dei grunnleggande idéane, verdiane og visjonane til ungdomspartia i norsk politikk.

Utforsk ideologiane

  1. Vel eit politisk ungdomsparti.

  2. Beskriv sentrale kjenneteikn på ideologien til partiet? Bruk gjerne kjeldene lenger ned på sida.

  3. Finn minst to aktuelle politiske saker.

    1. Kva er standpunktet til ungdomspartiet i dei politiske sakene du har valt?

    2. Korleis kan du bruke ideologien til partiet for å forklare standpunktet til partiet i dei aktuelle sakene?

  4. Samanlikn ideologien til partiet med ideologien til eit anna parti. Kva er dei viktigaste likskapane og forskjellane?

Kjelder du kan bruke

Film om Framstegspartiets ungdom og liberalismen (lengde 3.03)

Framstegspartiets Ungdom presenterer ideologien sin. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Film om Høgre og liberalkonservativ ideologi (lengde 4.12)

Unge Høgre presenterer ideologien sin. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Film om Unge Venstre og liberal ideologi (lengde 3.26)

Unge Venstre presenterer ideologien sin. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Film om Kristeleg Folkepartis Ungdom og kristendemokratisk ideologi (3.41)

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Film om Grønn ungdom og grøn ideologi (lengde 2.37)

Grøn Ungdom presenterer ideologien sin. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Film om Senterungdommen (lengde 1.53)

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Film om Arbeidarane si ungdomsfylking og sosialdemokratisk ideologi (lengde 3.53)

Arbeidarane si ungdomsfylking (AUF) presenterer ideologien sin. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Film om Sosialistisk ungdom og sosialistisk ideologi (lengde 2.51)

Sosialistisk Ungdom presenterer ideologien sin. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Film om Raud Ungdom og sosialistisk og kommunistisk ideologi (lengde 3.15)

Video: Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Fordjupingsoppgåver

  1. Liberalismen er eit viktig utgangspunkt for ideologiane på høgresida i norsk politikk. Utforsk kva som er forskjellane og likskapane mellom ideologiane til Høgre, Framstegspartiet og Venstre.

  2. Sosialismen er eit viktig utgangspunkt for ideologiane på venstresida i norsk politikk. Utforsk kva som er forskjellane og likskapane mellom ideologiane til Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt.

  3. Diskuter ideologiane i klasserommet. Del klassen inn i grupper som skal representere kvart sitt politiske parti. Vel nokre aktuelle politiske spørsmål, som økonomisk forskjell og rolla til velferdsstaten, og diskuter spørsmåla i plenum.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 21.08.2025