Ungdomsparti og politiske ideologiar

Utforsk ideologiane
Vel eit politisk ungdomsparti.
Beskriv sentrale kjenneteikn på ideologien til partiet? Bruk gjerne kjeldene lenger ned på sida.
Finn minst to aktuelle politiske saker.
Kva er standpunktet til ungdomspartiet i dei politiske sakene du har valt?
Korleis kan du bruke ideologien til partiet for å forklare standpunktet til partiet i dei aktuelle sakene?
Samanlikn ideologien til partiet med ideologien til eit anna parti. Kva er dei viktigaste likskapane og forskjellane?
Kjelder du kan bruke
Film om Framstegspartiets ungdom og liberalismen (lengde 3.03)
Film om Høgre og liberalkonservativ ideologi (lengde 4.12)
Film om Unge Venstre og liberal ideologi (lengde 3.26)
Film om Kristeleg Folkepartis Ungdom og kristendemokratisk ideologi (3.41)
Film om Grønn ungdom og grøn ideologi (lengde 2.37)
Film om Senterungdommen (lengde 1.53)
Film om Arbeidarane si ungdomsfylking og sosialdemokratisk ideologi (lengde 3.53)
Film om Sosialistisk ungdom og sosialistisk ideologi (lengde 2.51)
Film om Raud Ungdom og sosialistisk og kommunistisk ideologi (lengde 3.15)
Fordjupingsoppgåver
Liberalismen er eit viktig utgangspunkt for ideologiane på høgresida i norsk politikk. Utforsk kva som er forskjellane og likskapane mellom ideologiane til Høgre, Framstegspartiet og Venstre.
Sosialismen er eit viktig utgangspunkt for ideologiane på venstresida i norsk politikk. Utforsk kva som er forskjellane og likskapane mellom ideologiane til Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt.
Diskuter ideologiane i klasserommet. Del klassen inn i grupper som skal representere kvart sitt politiske parti. Vel nokre aktuelle politiske spørsmål, som økonomisk forskjell og rolla til velferdsstaten, og diskuter spørsmåla i plenum.