Sosialisme - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosialisme

Sosialisme er ei sekkenemning på tidlege utopiske sosialistiske idear, Karl Marx sin vitskapelege marxisme, anarkisme, sosialdemokratisk revisjonisme og kommunisme. Kjerneverdien i sosialismen er større likskap og rettferd i samfunnet.

Fellesskapen først

Dei største skilnadane på dei ulike sosialistiske retningane er i synet på revolusjon som verkemiddel til å skape det sosialistiske samfunnet.

Dei sosialistiske tankane foreinte seg i krava om betre livsvilkår for den nye industriarbeidarklassen, som følte seg utnytta av den rådande kapitalistiske samfunnsstrukturen. Sosialismen var den ideologiske motparten til liberalismen. Sosialistane hevda at liberalismen skapte store økonomiske og sosiale ulikheter.

"(...) Den veksande arbeidarklassen reiste krav om medbestemming. Dei kravde dessutan vern mot å leve i fattigdom og å bli utnytta av arbeidsgivarane. Økonomien måtte styrast av fellesskapen og staten, ikkje av kapitalistar som berre sikta mot eiga vinning."[1]

I synet på mennesket og samfunnet innanfor den sosialistiske bevegelsen har fellesskapen i hovudsak vore viktigare enn individa. Dette skuldast den av kva for mekanismar som ifølgje sosialistane styrer den økonomiske utviklinga.

Den vitskapelege marxismen

Den teoretiske samfunnsanalysen av det kapitalistiske samfunnet blei utforma av Karl Marx (1818-1883). Dei store økonomiske og sosiale ulikskapane i samfunnet skuldast at borgarskapet eigde produksjonsmidla og kontrollerte den framveksande industriarbeidarklassa (proletariatet). Målet for Marx var ei økonomisk utjamning og/eller eit klasselaust samfunn der staten eller arbeidarkollektiv eigde produksjonsmidla (bedriftene). Ifølgje Karl Marx kunne denne overgangen skje gjennom ein samfunnsomveltande revolusjon.

Marx meinte at i ein overgangsfase ville det vere nødvendig at arbeidarane tok kontrollen og overtok produksjonsmidla. "Vidare meinte Marx at i ein overgangsfase ville det vere nødvendig at arbeidarane tok kontrollen og overtok produksjonsmidla. Å få dette til kravde makt, og det kravde våpen. Marx la derfor vekt på at samfunnet måtte igjennom ein fase som han kalla proletariatets diktatur, eit væpna arbeidardiktatur."[2]

Dette arbeidardiktaturet skulle vere folkets diktatur over restane av dei tidligare herskande klasser. Når arbeidarane hadde bestemt korleis samfunnets verdiar kunne bli gitt tilbake til fellesskapen, kunne diktaturet opphøyre, og ein ville få eit klasselaust samfunn.

Skrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019