Sosiale forskjellar - Samfunnskunnskap - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosiale forskjellar

Det er stor grad av likskap i Noreg, men også her er det sosiale forskjellar, og dei aukar.

Sosial ulikskap

Sosial ulikskap, også kalla sosiale forskjellar, handlar om at befolkninga er delt inn i klassar eller ulike lag. Økonomisk ulikskap er ein del av det som er med på å skape sosial ulikskap.

Når vi snakkar om ulikskap i samfunnskunnskap, handlar det som oftast om ujamn fordeling av ressursar eller gode i samfunnet. Pengar er ein ressurs som gir tilgang til andre ressursar. Dersom rikdommen er skeivt fordelt, fører det igjen til skeiv fordeling av andre gode som kan kjøpast for pengar, som bustad, klede, mat og reiser.

Skeivfordeling skaper ulikskapar. Det er usemje blant politikarane og opinionen om kva slik skeivskap kjem av. Er det eit samfunnsproblem der ansvaret ligg på avgjerdstakarane, eller er det den enkelte sitt ansvar og dermed eit individuelt problem?

Aukande forskjellar i Noreg

Vi er vane til å tenke på det norske samfunnet som egalitært, eit samfunn med relativt små forskjellar, kor alle har moglegheit til å skaffe seg utdanning og jobb, og kor alle har rett på helsehjelp.

I løpet av 1900-talet, og spesielt i etterkrigstida, såg vi ei utjamning av forskjellane i Noreg. Men dei siste tiåra har inntektsforskjellane auka.

Dei rike har blitt rikare, og dermed drar dei ifrå dei som tener minst. På den andre sida er det fleire som veks opp i låginntektsfamiliar. Dette har til dels samanheng med innvandring frå spesielt fattige land, men det er også fordi fleire barn veks opp i hushald med berre éin forelder.

Forskjellane påverkar om ein hamnar innanfor eller utanfor fellesskapen. Det handlar til dømes om å vere i jobb eller å vere arbeidsledig. Men det kan òg handle om sosial rang, altså at nokon blir plasserte under andre i samfunnet.

Levekår

Sosiale forskjellar heng saman med levekår. Levekår handlar generelt om livskvalitet, korleis ein har det. Når vi måler levekår, ser vi på fleire faktorar i befolkninga, som helse, utdanning, sosiale relasjonar og tryggleik. Økonomi er også ein del av dette.

Statistikk frå SSB viser at dei fleste i Noreg eig eigen bustad og har nok lønn til å få endane til å møtast. Det er likevel mange som har vedvarande låg inntekt, lever på trygd eller manglar moglegheiter til å skaffe seg jobb og inntekt.

Seks prosent av befolkninga bur i eit hushald som har vanskeleg eller svært vanskeleg for å få endane til å møtast. 20 prosent bur i eit hushald som ikkje kan klare ei uføresett utgift.

Viss ein har låg inntekt eller står utan jobb, får det konsekvensar. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar har få eller ingen moglegheiter til å delta på fritidsaktivitetar, og dei har kanskje ikkje råd til bursdagsgåver. Det kan bety ekskludering og utanforskap.

Forskjellar i levekår og livskvalitet blant norske ungdommar heng tett saman med foreldra sin sosiale og økonomiske status. Ungdata-undersøkinga viser at jo høgare sosioøkonomisk status familien har, jo betre er livssituasjonen for ungdommane. Problema aukar jo færre økonomiske og sosiale ressursar familien har.

Kjelder

Eriksen, N. (2016, 27. april). Store sosiale forskjeller blant unge. Utdanningsforskning.no. https://utdanningsforskning.no/artikler/store-sosiale-forskjeller-blant-unge/

Kinn, E., Sølhusvik, L. & Sættem J.B. (2019): SSB-forsker: – Siv Jensen tar feil. nrk.no

Skirbekk, S. (2015, 20. februar). Sosial ulikhet. I Store norske leksikon. https://snl.no/sosial_ulikhet

Statistisk sentralbyrå (2024, 18. mars): Fattigdomsproblemer, levekårsundersøkelsen. https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/fattigdom

Velferdsforskningsinstituttet NOVA. (2016). Store sosiale forskjeller blant unge. Ungdata. https://www.ungdata.no/store-sosiale-forskjeller-blant-unge/

Skrive av Inga Berntsen Rudi og Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2024