Levekår i Noreg i dag

Verdas beste land å leve i?
Vi høyrer ofte at Noreg er eit av verdas beste land å leve i. På ein del rapportar og kåringar basert på levekår kjem Noreg høgt, eller høgast, på listene. Dette har halde fram også etter pandemien. Samtidig har fleire fått det vanskelegare dei siste åra. Koronapandemien med følgande høg inflasjon har gitt oss svært høgt prisnivå på varer og tenester. Rentene har også gått opp dei siste åra. Fleire er urolege for tidene vi lever i. Samtidig er det framleis slik at i det store og heile har vi som bur i Noreg, det veldig bra i forhold til dei fleste andre i verda.
UNDP måler levestandarden på bakgrunn av ulike faktorar, mellom anna forventa levealder, utdanning, inntekt og bruttonasjonalprodukt (BNP). I FN-rapporten «Human Development Report» for 2025 lå Noreg på andreplass på FNs utviklingsindeks (Human development index HDI). Island låg over Noreg, og etter Noreg følger Sveits.
Venta levealder
Noreg har høy forventa levealder, ein viktig faktor i levekårsstatistiken, og den gjennomsnittlige levealderen har auka kraftig dei siste hundre åra. I Noreg er det no ein forventa levealder på 83,2 år. For menn var den 81,61 år i 2025, og for kvinner 84,85 år. Etter at desse tala gjekk litt ned rett etter koronapandemien, har det no justert seg og gått litt opp att.
Desse tala seier oss kanskje ikkje så mykje før vi samanliknar med andre land. Japan har den høgaste levealderen i verda, med ei venta levalder på 88 år for kvinner og 81,9 år for menn. Brasil har venta levealder på 79 år for kvinner og 73,1 år for menn, men eit land som Etiopia som ligg lavt på indeksen har venta levealder på 71,3 år for kvinner og 64,6 år for menn. (alle tal frå 2025-2026).
Utdanning
Noreg er også heilt i toppen når det gjeld utdanningsnivå og kor mange år ein reknar med at barn og unge går på skule. I Noreg har alle rett til gratis tiårig grunnskule, og med få unntak går alle barn på skulen. Det vil seie at nordmenn har stort sett lik utdanningsbakgrunn opp til 16-årsalderen. Alle skal også få høve til å ta vidaregåande skule, men her er det litt meir variert kor mange som held fram. Samstundes er det heile femten ulike studieretningar i vidaregåande opplæring, noko som gjer at det er her ulikskapane i utdanningsbakgrunn startar. Når det gjeld høgare utdanning, er det ein av tre nordmenn som har utdanning frå høgskule eller universitet.
Inntekt
Det er viktig å forstå at inntekt er eit vidare omgrep enn lønn. Inntekt dekkjer både lønn frå arbeid, kapitalinntekter, bustønad og andre overføringar som barnetrygd, pensjon og sosialhjelp. Lønn er avgrensa til å tyde godtgjering for utført arbeid frå arbeidsgivar til arbeidstakar. Det er likevel gjerne tal for lønn vi ser mest på.
Sidan byrjinga på 90-talet har vi hatt større lønnsvekst enn prisvekst i Noreg. Det vil seie at vi har hatt det vi kallar reallønnsvekst. Gjennomsnittleg månadslønn var i 2025 på 62 070 kroner. Sjølv om det også her i landet er store skilnader på kva dei høgst lønte og lågast lønte tener, ligg gjennomsnittslønna veldig høgt i høve til andre land i Europa. Men ein må også ha i bakhovudet at dette er lønn før skatt, og at prisane i Noreg er etter måten høge samanlikna med andre land.
Sysselsetjing
Vi har aukende arbeidslølyse i Noreg. I juni 2026 var arbeidsløya på 4,7 prosent. Auka er opp frå under 4 prosent or eit par år sida. I norsk samanheng er dette relativt høgt, men samanlikna med andre land er tala frå Noreg lave. Danmark er nede i 3,1 arbeidsløyse, medan Sverige er oppe i 8,7 prosent arbeidsløyse. Noreg har fleire kvinner, eldre og unge i arbeid enn mange andre europeiske land.
Men er vi lykkelige?
I tillegg til rapportar som den frå FNs utviklingsprogram (UNDP) som måler forventa levealder, utdanning, kjønnsforskjellar og sånt, finst det også ei måling som måler kor lykkeleg eit lands befolkning er. World Happiness Report måler ting som sosial støtte i samfunnet, fridom, sjenerøsitet i samfunnet, men også helse, inntekt og fråvær av korrupsjon. I tillegg måler han ei sjølv-rapportert kjensle av lykke. I seks år på rad er Finland kåra til det lykkelegaste landet. Og sjølv om Noreg har høg standard når det gjeld levekår, fell vi litt lenger ned på lista når det gjeld lykke. Her er vi på sjette plass i 2026, bak alle dei andre nordiske landa.