Fagstoff
Komiteleiar på LilleStortinget
Her er ei oversikt over kva som er ansvaret ditt som komiteleiar på LilleStortinget.

Mudassar Kapur (H). Leiar for finanskomiteen på Stortinget (2020).
Vi håper du har fått den rolla du ønskjer deg og at du gler deg til å tre inn i ho. Det er nokre viktige ting som du bør tenkje på uansett kva rolle du har:
- Spel rolla di.
- Ver aktiv i politiske debattar og politisk arbeid.
- Sett deg inn i hovudsakene til partiet ditt, og skaff deg kunnskap om dei sakene som er til behandling i din komité.
- Gjer ditt beste som representant for partiet ditt og ver lojal.
HUGS! Det er meiningane til partiet ditt som du skal stå for og forsvare, ikkje dine eigne!
I tillegg til det som er samla her om rolla di, må du ha oversikt over kva som skjer når. Det får du i skulen sitt eige program. Du er òg representant på LilleStortinget. Sett deg derfor inn i rolleskildringa for representantar. Denne finn du nedst under relaterte artiklar, saman med andre ressursar som er nyttige for deg.
Rolla di som komiteleiar
Som komiteleiar leier du møta og gjennomgangen av dei sakene komiteen har til behandling.
Dette inneber at du skal:
- møte på informasjonsmøtet for komiteleiarane dag 1
- planleggje møta i fagkomiteen
- vere ordstyrar under møta
- skaffe oversikt over kva parti som støttar og kva for nokre av dei som går i mot sakene som er til behandling
- skrive komiteen sine innstillingar(ei innstilling for kvar sak). Innstillingar baserer seg på proposisjonar eller representantforslag. Her må det òg komme fram kva komitemedlemmar som skal framføre fleirtalet og mindretalet sine merknadar i plenumsdebatten på fredagen.
- levere innstillingane til presidentskapet før fristen (sjå program)