Det politiske arbeidet på LilleStortinget - Samfunnskunnskap - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Det politiske arbeidet på LilleStortinget

På LilleStortinget kan det meste skje! Det er LilleStortinget sine representantar som bestemmer kva som skal skje, om regjeringen skal bli felt eller bli sitjande, om det skal stillast mistillitsforslag eller ikkje, kva parti som finn saman og kva som splittast.

Det er stort handlingsrom for LilleStortinget sine representantar som vil noko, husk berre på at du bør ha ryggdekning i partigruppa di, og pass på at du opptrer i samsvar med både med parlamentariske reglar og med LilleStortinget sine reglar.

Målet med spelet

  • Er du i , må du utfordre regjeringa
  • Er du i eit regjeringsparti, må du forsvare di eiga regjering.
  • Ver ein aktiv deltakar på LilleStortinget!

Det politiske arbeidet går i stor grad føre seg i partigruppemøta og i komitemøta. Her kjem ei kort skildring om kva som skjer i dei ulike møta.

Partigruppene

I møter alle i partiet ditt. Her skal gruppa saman finne ut korleis de stiller dykk til dei ulike sakene som er til behandling i komiteane.

  • har ansvar for dette arbeidet og sørgjer for at partigruppa saman kjem fram til standpunkt som er i samsvar med politikken til partiet.
  • Det er vanleg at regjeringspartia støttar alle forslag som kjem frå Regjeringa.
  • I partigruppa bør ein gjennomgå alle og og ta stilling til kva partigruppa skal meine, og dermed komme fram til standpunkt og prioritere viktigheita av sakene som kan fremjast i komitemøta.
  • Sørg for at du veit korleis du skal stemme i kvar einaste sak når sakene skal til votering på fredagen. Dette blir gjennomgått i siste partigruppemøte før .

Komitearbeidet

I går LilleStortinget si behandling av proposisjonar og representantforslag føre seg. Her skjer dei politiske diskusjonane partia imellom, og det blir kartlagt kven som støttar og kven som går i mot sakene som er til behandling.

  • Hovudoppgåva til komiteane er å behandle proposisjonane dei har fått frå "departementet" sitt og utarbeide ferdige som det skal voterast over i salen på LilleStortinget.
  • Det er ansvaret til alle komitemedlemmane at dei har avklart med partigruppa si korleis dei skal stille seg til dei sakene som er til behandling.
  • Dersom komiteen deler seg i ei sak, skal mindretalet utpeike 1–2 personar som skal utdjupe kvifor dei går i mot forslaget. Desse skal framføre mindretalet sittsynspunkt under plenumsdebatten.
  • Fleirtalet skal utpeike 1–2 personar som skal utdjupe kvifor dei støttar forslaget. Desse skal framføre synspunkta til fleirtalet under plenumsdebatten.
  • Under desse saksinnlegga kan andre representantar delta i debatten.
  • Oppgåva til komiteleiaren er å sørgje for at alle saker blir behandla og at det blir skrive ei innstilling for kvar sak.

Korleis skrive ei komiteinnstilling?

Innstillinga frå komiteen viser korleis medlemmane i komiteen stiller seg til ein stortingsproposisjon eller eit representantforslag.

  • Dersom alle partia er samde i ei sak, må det komme fram av innstillinga.
  • Er komiteen delt, skal innstillinga vise kva parti som representerer fleirtalet, og kva parti som representerer mindretalet/mindretala. Mindretalet sitt forslag blir alltid først skrive.
  • Av og til kan komitemedlemmane i fellesskap endre på teksten i forslaga for å skaffe eit breitt fleirtal. Viss dette blir gjort, må det òg komme fram på komiteinnstillingane.
  • Alle innstillingane skal leverast til Presidentskapet av komiteleiaren innan fristen (sjå programmet til skulen).
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen, Atle Oanes, Anna Kristina Lejdelin og Eirik Sundquist Torp.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2020