Inflasjon og prisindeksar
Inflasjon og kjøpekraft
Inflasjon er omgrepet vi bruker når prisane på varer og tenester går opp over tid, altså vedvarande prisvekst. Høg inflasjon medfører svekt kjøpekraft, så framt lønnsveksten ikkje stig i takt med inflasjonen.
Inflasjon målt ved konsumprisindeksen
Konsumprisindeks (KPI) beskriv utviklinga i dei faktiske prisane for varer og tenester som hushalda i Noreg kjøper. Den prosentvise endringa i KPI bruker vi ofte som eit mål på inflasjon.
SSB har utvikla ein priskalkulator for å rekne ut endringar i inflasjonen målt i KPI. Som døme viser KPI at prisane i Noreg har stige med over 900 prosent frå 1970 og fram til no.
Prøv sjølv
Bruk SSBs priskalkulator til å finne den tilsvarande summen ein familie i dag må betale om dei brukte 7000 kroner i veka på varer og tenester det året
du er fødd
ein av foreldra dine er fødde
Andre prisindeksar
Ei avgrensing med å bruke KPI som mål på inflasjon er at han ikkje tek med alle varer og tenester som bidreg til prisveksten i Noreg. Det er fordi KPI beskriv utviklinga i dei faktiske prisane for varer og tenester som hushalda i Noreg kjøper. KPI tek til dømes ikkje med kjøp av varer og tenester til investeringar i vegbygging eller bygg.
Prisutviklinga for varer i produsentleddet, som produksjonen av næringsmiddel, metallvarer, maskiner og petroleumsprodukt, er heller ikkje med i KPI. Prisendringane for slike varer blir berekna i produsentprisindeksar (PPI) og er eit døme på andre prisindeksar som SSB utarbeider.

Kva kan du bruke prisindeksar til?
Prisindeksar blir brukte til å måle prisendringar over tid for ulike varer og tenester.
Når du skal kjøpe bustad, kan du til dømes bruke bustadprisindeksane til SSB til å sjekke korleis prisutviklinga har vore.
Viss du leiger bustad, kan husleigekalkulatoren til SSB vere nyttig når utleigar ønsker å auke husleiga. Husleigelova seier at leiga tidlegast kan forandrast etter eit år, og at den då maksimalt kan justerast i samsvar med KPI.
Prøv sjølv
Bruk husleigekalkulatoren til å finne ut kor mykje huseigar maksimalt har lov å auke leia med om du for eit år sidan inngjekk ein leigeavtale på 7 000 kroner i månaden.
Nasjonalrekneskapen
Nasjonalrekneskapen gir eit oversiktsbilete av økonomien for heile Noreg. Her finn vi tal for alt vi produserer, forbruker, investerer, importerer og eksporterer. Nasjonalrekneskapen omfattar altså mange fleire varer og tenester enn det som blir målt i KPI, som berre har med forbruket i hushalda.
For å kunne seie noko om norsk økonomi, til dømes om økonomien veks eller søkk, treng vi derfor fleire prisindeksar enn KPI. Vi bruker derfor òg prisindeksar som byggekostnadsindeksar, produsentprisindeksen for varer (PPI) og produsentprisindeksen for tenester (SPPI).
Kva er forskjellen på løpande og faste prisar?
Løpande prisar er dei faktiske prisane vi må betale for varer og tenester på eit gitt tidspunkt. Løpande prisar beskriv nosituasjonen, men er ikkje eigna til samanlikning mellom ulike år.
La oss bruke verdien av produksjon av bustader i Noreg over tid som døme. Om vi samanliknar ulike år i løpande prisar, så veit vi ikkje kor mykje av ein eventuell auke i kronebeløpet som kjem av prisauke, og kor mykje som kjem av ein auke i produksjonsvolumet.
Fast pris derimot er prisar omrekna til eit bestemt årstal, slik at effekten av prisstigning er teken bort. Årstalet vi bruker, kallar vi for eit basisår, og prisane blir inflasjonsjusterte i forhold til dette basisåret. Med faste prisar kan vi dermed samanlikne det reelle volumet av varer og tenester i ulike periodar.
Bruttonasjonalprodukt (BNP)
BNP er ein viktig økonomisk storleik som seier noko om tilstanden og utviklinga i okonomien til eit land, og BNP blir derfor ofte brukt som eit mål for verdiskaping. BNP er lik summen av alle varer og tenester som eit land produserer i løpet av eit år, minus dei varene og tenestene som landet bruker til denne produksjonen. Vi bruker ofte BNP i analysar av økonomisk vekst og levestandard. Verdien av BNP måler vi både i løpande og faste prisar.
Tala for verdien av BNP i faste prisar inneheld ikkje inflasjon og uttrykker derfor ein reell auke i volum av varer og tenester. Viss vi derimot ser på utviklinga av BNP målt i løpande prisar, vil ho kunne vise ein auke sjølv om den økonomiske utviklinga reelt sett har stått stilt. For å kunne måle den reelle veksten i BNP må vi derfor justere tala for prisstigning, altså bruke faste prisar.
Fastpristala for verdien av BNP bruker vi mellom anna til å analysere den økonomiske veksten over tid. Vi seier at endring frå eitt år til det neste i BNP i faste prisar, måler kor mykje verdiskapinga reelt sett har auka.

For å samanlikne den materielle levestandarden mellom ulike land i eit gitt år, bruker vi BNP målt i løpande prisar. Den nominelle verdiskapinga i eit land har noko å seie for kva vi kan kjøpe av varer og tenester, altså kjøpekrafta vår i eit bestemt år.
I ei samanlikning av kjøpekraft mellom land i Europa for 2022 var Noregs BNP meir enn det doble av EU-snittet. Noreg hadde då det tredje høgaste BNP-nivået per innbyggar, etter Luxembourg og Irland.
Prøv sjølv – finn informasjon i teksten
Les teksten frå kapittel 3 i Økonomisk utsyn over året 2022 på SSB.no og finn
auken i BNP i faste og løpande prisar frå 2021 til 2022 i prosent
kvifor auken i BNP i løpande prisar var så sterk
Nasjonalrekneskapen for 2022 viser at bruttonasjonalprodukt (BNP) for Fastlands-Noreg vaks 3,8 prosent frå 2021 til 2022, målt i faste 2020-prisar. Årsveksten reflekterer at økonomien har henta seg inn etter to år med pandemi og avgrensingar på økonomisk aktivitet. Samtidig har 2022 vore prega av kraftig prisstigning, særleg på naturgass og andre energivarer. Målt i løpande prisar auka samla BNP heile 32,2 prosent, eller 1 358 milliardar kroner. Dette er den høgaste veksten i nominelt BNP vi har målt for norsk økonomi sidan etableringa av nasjonalrekneskapen på 1950-talet.