Oppgåve
Video
Kor blir det av pengane mine?
Opplever du kjøpepress, og kjøper du produkt du eigentleg ikkje har råd til? Kjøper du ting utan å tenkje deg om? Då forsvinn ofte pengane fort!
Sjå desse lure tipsa før du svarer på oppgåvene under.
Hol i lommeboka?
Nokre gonger verkar det som det er hol i lommeboka. Pengane berre renn ut, og det er vanskeleg å gjere greie for kvar dei tok vegen. Det er gjerne småkjøpa som har skulda. Ei flaske brus her og eit Flax-lodd der kan lett vippe alle spareplanar over ende.
Oppgåve 1
Kor mykje pengar trur du at du brukar i månaden på kafébesøk, kino, brus, godteri og liknande? Lag ei oversikt over forbruket ditt og rekn ut eit realistisk gjennomsnitt for ein vanleg månad.
Oppgåve 2
Prøv NRK sin sløsekalkulator. Der skal du føre opp kor mange gonger i uka du tar taxi, eller kor mange brusflasker du kjøper. Du skal og føre opp inntekter og utgifter som til dømes bolig og trening. Sjekk deretter totalsummen for ein måned.
- Basert på den oversikta du sette opp og det du førte inn i sløsekalkulatoren, fekk du deg nokre overraskingar? Noter dei.
- Viss du bestemmer deg for å spare – kva for utgifter kan du redusere?
- Kor mange pengar meiner du at du bør kunne bruke på klede i løpet av eit år?
- Kor mange pengar meiner du at du bør kunne bruke på godteri i løpet av eit år?
- Kor mange pengar meiner du det er greitt å spele for?