Kva er utanforskap? - Samfunnskunnskap - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er utanforskap?

Utanforskap, å føle seg eller vere utanfor, handlar om å ikkje ha tilknyting til resten av samfunnet. Vi kan seie at å føle utanforskap er det motsette av å føle fellesskap.

Utanfor fellesskapet

Det kan vere fleire forskjellige grunnar til at nokon fell utanfor resten av samfunnet. For nokon handlar dette om manglande deltaking i utdanning eller arbeid. Andre kan falle utanfor på grunn av språklege utfordringar eller annleis kultur enn majoriteten. Sjukdom og funksjonshemming kan også vere grunnar til utanforskap. Utanforskap har sterk samanheng med sosiale forskjellar.

Utanforskap er ikkje det same som å vere einsam. Store norske leksikon beskriv det slik: "Mens ensomhet beskriver den individuelle opplevelsen av å mangle og savne sosiale relasjoner og tilknytning, brukes utenforskap mer strukturelt om manglende sosiale koplinger i samfunnet." (Tjora, 2019, avsn. 2)

Å stå utanfor er for dei fleste ikkje sjølvvalt. Mange hadde heller ønska å vere ein del av fellesskapet. Dette kan gjelde både integrering og inkludering av minoritetsspråklege og andre som er dårleg stilte når det gjeld inntekt. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar kan oppleve ei kjensle av utanforskap.

Nokon kan også velje å stå utanfor og ta avstand til normene som finst i fellesskapet. Ved å lage sine eigne reglar markerer dei motstand mot det etablerte. Viss det skjer med grupper av menneske, kan det oppstå parallelle samfunn.

Kva er konsekvensane av utanforskap?

Det å stå utanfor kan få konsekvensar både for den enkelte og for samfunnet. For ungdom som veks opp i familiar med låg sosioøkonomisk bakgrunn, kan utanforskap bli forsterka av at ein ikkje har moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar eller andre arrangement og aktivitetar som kostar pengar. Dette påverkar livskvaliteten. Ungdom med denne bakgrunnen er av dei som statistisk sett oftare droppar ut av skule og utdanning.

Både levekårsproblem og andre vanskelege sosiale forhold er nært knytt til den registrerte ungdomskriminaliteten. Er ein utanfor på grunn av sosiale forhold, kan det også leie til kriminalitet. Dette blir ofte ein dårleg sirkel der utanforskap leier til lovbrot, som igjen fører til at utanforskapet blir bekrefta. Statistikk og forsking viser at jo meir alvorlege lovbrot ein utfører som ungdom, jo større sannsyn er det for at ein samstundes har levekårsproblem.

For ein del som fell utanfor fellesskapet, kan også radikalisering og ekstremisme bli konsekvensen. Radikalisering handlar om ein prosess der ein person i aukande grad aksepterer bruk av vald og/eller valdstruslar for å nå politiske, religiøse eller ideologiske mål. Det er sjølvsagt fleire forskjellige faktorar som leier til radikalisering, men blant sosiale faktorar finn vi opplevd utanforskap, rasisme, stigmatisering og urettferd. For dei det gjeld, kan dette vere ein måte å gjere seg synleg på. Forsking viser at meining, tilhøyrsel og samhald er viktig i ekstreme grupper. Når det gjeld radikalisering, har det dei siste åra vore nokon som har reist ut som framandkrigarar. Dette er først og fremst unge menn, sjølv om det også er nokre unge kvinner blant desse.

Litteraturliste

Skrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2020