Utforsk eit buddhisttempel 3 - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk eit buddhisttempel 3

Eit besøk i eit tempel kan vere utgangspunkt for eit forskingsprosjekt. Her kan du bruke tempelet til å samle relevant informasjon for å løyse ei konkret problemstilling.

Problemstilling

Vel ei av problemstillingane under eller lag ei sjølv som du får godkjend av lærar. Følg deretter oppskrifta for korleis du samlar informasjon og skriv rapport under.

  1. Karma Tashi Ling-tempelet tilhøyrer ein spesifikk buddhistisk tradisjon. Korleis kjem dette særpreget til syne i kunst, arkitektur, symbolbruk osv. i tempelet?
  2. Vel ut ein konkret gjenstand i tempelet. Korleis kan denne gjenstanden knytast til ulike ved buddhismen?
  3. Korleis kan tempelet hjelpe ein buddhist på vegen til å nå nirvana?

Samle relevant informasjon og skriv rapport

Når du har valt problemstilling, kan du bruke denne oppskrifta for å gjennomføre eit mini-forskingsprosjekt:

  1. Har du ei meining om dette på førehand? Set opp ein eller fleire .
  2. Gå inn i tempelet og leit etter relevant informasjon. Ta notat undervegs.
  3. Søk etter annan relevant informasjon på nett eller i bøker for å finne ut meir rundt dei tinga du fann i tempelet.
  4. Skriv ein kort rapport (250–500 ord) som inneheld:
  • ei beskriving av korleis du gjennomførte oppgåva (med eventuelle hypotesar)
  • ei beskriving av kva du fann i tempelet som var relevant
  • drøfting av problemstillinga ved hjelp at fagomgrep og modellar (som til dømes )
  • kort konklusjon eller oppsummering av det viktigaste du fann ut

Relatert innhald

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022