Samanlikn austlege religionar - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Samanlikn austlege religionar

I denne oppgåva skal du utforske ulike fellestrekk i dei såkalla austlege religionane.
  1. Samsara er eit sentralt omgrep i både hinduismen, jainismen, buddhismen og sikhismen, men kva er meint med dette omgrepet?

  2. Omgrepet karma betyr "handlingar" og/eller "konsekvensar", men det blir litt ulikt forstått i forskjellige religionar. Forklar. (Du kan lese meir om karma på Store norske leksikon.)

  3. I dei fire religionane er det einigheit om at målet er å komme ut av samsara, men dei har ulike vegar til målet. Vel minst to av religionane hinduismen, jainismen, buddhismen og sikhismen og beskriv vegen eller vegane deira ut av samsara.

Skrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2022