Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Religionssynkretisme i julefeiringa

I mange religiøse ritual og feiringar finn vi spor av ulike religiøse og kulturelle tradisjonar. Den kristne julefeiringa er eit godt døme på slik religionssynkretisme.

Undersøk bakgrunnen for desse ulike sidene ved julefeiringa. Alle har eit ikkje-kristent opphav. Skriv kort om opphavet.

  • ordet "jul"
  • tidspunktet (slutten av desember)
  • nissar
  • "Lussi" (som seinare blei blanda med feiringa av Den heilage Lucia)

Les meir i artikkelen "Religionssynkretisme".

Skrive av Knut Aukland. Rettshavar: Oslomet.
Sist oppdatert 09.01.2026