Oppgave
Reflekter over kyrkja si betydning før og no
Somme hevdar at kyrkje og kristendom har stadig mindre betydning for nordmenn. Kva tenkjer du om det?
Reflekter over kva betydning kyrkja og kristendommen hadde i Noreg for 200 år sidan for:
- skule
- oppseding
- ekteskap
- sexliv
- sundagen
Kva betydning trur du kyrkja og kristendommen har i dag på desse områda?
Diskuter gjerne dette med ein medelev.