Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Kva er eit menneske?

Har du nokon gong stoppa opp framfor ditt eige spegelbilete og spurt deg sjølv kven og kva du verkeleg er? Gjennom tusenvis av år har tenkarar og filosofar stilt seg sjølve det same spørsmålet: Kva er det som gjer deg til den du er, og kva vil det seie å vere eit menneske?

Kva er eit menneske?

Eg er ...

Eg skal ...

Eg må ...

Kor mange gonger bruker du ordet "eg" i løpet av ein dag? Viss du tenker etter, kan du spørje kva det "eget" du heile tida refererer til, eigentleg er. Er det tankane, kjenslene eller kroppen din som gjer deg til den du er, eller er det noko anna? Har du ein kjerne, ei sjel, ei bevissheit eller noko anna som bind deg saman til ein person?

Kven er eigentleg du, og kva gjer deg til eit menneske? Eit grunnleggande kjenneteikn på mennesket er nettopp at vi kan setje spørsmålsteikn ved vår eigen eksistens. Vi er sjølvbevisste vesen som kan ta eit steg tilbake og sjå oss sjølve i spegelen. Men det vi ser, er ikkje likt for alle. Det finst mange ulike måtar å forstå oss sjølve på, og i denne artikkelen skal vi sjå på nokre alternativ.

Unike eller delar av ein felleskap?

Dei første åra av livet vårt er vi heilt avhengige av andre menneske for å overleve. I motsetning til hos dyra tek det mange år før eit menneskebarn er modent nok til å klare seg sjølv. Vi er med andre ord sosiale dyr som veks opp som ein del av ein fellesskap. Mens vi veks, lærer vi å sjå oss sjølv gjennom andre sine auge, og dette er med på å forme korleis vi oppfattar oss sjølv. Samtidig finst det òg noko som gjer oss unike og skil oss frå dei andre.

Kven vi er, blir derfor bestemd både av relasjonen vår til andre og dei unike eigenskapane våre. Vi er alle ein del av eit samfunn, ein kultur og eit språk. Vi er søner, døtrer, slektningar, venner og kollegaer til andre menneske. Samtidig har vi vår eigen unike personlegdom og interessene og særeigenheitene våre. Kva som er viktigast av desse to, er det ulike meiningar om. Nokre filosofar fokuserer på mennesket som eit sosialt vesen, mens andre fokuserer på mennesket som enkelindivid. Vestleg kultur har i dag ein tendens til å fokusere på enkelindivid, mens andre kulturar i større grad fokuserer på den sosiale fellesskapen.

Gode eller vonde?

Eit grunnleggande kjenneteikn på mennesket er at vi er moralske vesen. Vi kan skilje mellom kva som er rett gale. Det er ikkje alltid vi er einige om kva som er moralsk rett å gjere i kvart enkelt tilfelle, men alle samfunn har normer og reglar, og mange av desse er like. Somme meiner at mennesket er fødd godt, og at det ligg i naturen vår å tenke på andre og bry oss om medmenneska våre. Andre meiner at menneske tvert imot er fødde som egoistar, og at vi har ein tendens til å skade andre og berre bry oss om oss sjølv.

Dei som meiner at mennesket er fødd godt, grunngir det på ulike måtar. Somme peiker på at vi har ei medfødd evne til empati og å vise omsorg og medkjensle for andre. Andre meiner at den medfødde fornufta vår gir oss eit moralsk kompass som styrer oss i rett retning, viss vi berre vel å lytte til det. Til slutt er det dei som har ei religiøs grunngiving. Viss vi bruker kristendommen, jødedommen og islam som døme, finn vi ei førestilling om at mennesket er godt fordi det er skapt i Guds bilete.

Dei som meiner at mennesket er fødd egoistisk, viser ofte til verda rundt oss når dei skal grunngi synet sitt. Kvar dag er nyheitene fulle av døme på krig, drap, vald, liding og overgrep. Er ikkje det eit tydeleg teikn på at mennesket er fødd vondt og egoistisk? Nei, meiner dei som forsvarer menneskets gode natur. Desse nyheitene er unntaka. Vanlegvis er dei aller, aller fleste menneske gode og vennlege mot kvarandre.

Ånd eller materie?

Har vi ei sjel? Det er mange som trur det finst litt meir ved mennesket enn det reint fysiske. Ei rekke religionar og filosofiske tradisjonar har førestillingar om at mennesket er delt i to, med både ein fysisk kropp og ei ikkje-materiell sjel eller ånd. Dette er til dømes ein sentral tanke i kristendommen og islam.

I dag lever vi i vitskapens tidsalder, og vitskapen kan berre studere det som direkte kan observerast. Derfor er det fleire som har eit materialistisk syn på mennesket og tenker at mennesket berre består av fysiske atom og celler, og ikkje noko meir. Sidan vi ikkje kan observere ei sjel eller ånd direkte, meiner somme at fenomen som sjel og ånd ikkje eksisterer. Andre meiner at sjølv om vi ikkje kan observere og studere sjela vitskapeleg, kan ho likevel eksistere. Det betyr berre at sjel og ånd er fenomen som ligg utanfor området til vitskapen, og tilhøyrer område som religion og filosofi.

Utfordringar ved ulike syn på ånd og materie

Ei utfordring for dei som trur mennesket består av både kropp og sjel, er å forklare korleis dei to delane påverkar kvarandre. Viss vi deler mennesket i to ulike delar, ein fysisk og ein ikkje-fysisk, må vi kunne forklare korleis dei to ulike delane kan verke saman. Men korleis kan noko som ikkje er fysisk, påverke noko fysisk. Hjernen vår består av milliardar av nerveceller som verkar saman for å skape tankar og kjensler. Korleis kan ei ikkje-materiell sjel påverke desse nervecellene? Kvar er samanhengen, og korleis er dei forbundne?

Ei utfordring for dei som har eit materialistisk syn på mennesket, er å forklare korleis vi opplever verda. Viss ein forskar studerer hjernen vår i ein hjerneskannar, kan hen beskrive kva for nerveceller som er aktive når vi til dømes er sinte eller forelska. Desse beskrivingane seier oss likevel ikkje noko om sjølve opplevinga. Det er ikkje mogleg å bruke ein hjerneskannar til å beskrive korleis det faktisk opplevast å vere forelska, sint, trist eller glad. Samtidig er desse subjektive opplevingane ein sentral del av kven vi er. Så det kan sjå ut for at noko essensielt ved oss menneske ikkje blir fanga opp når vi beskriv eit menneske materialistisk – som ei samling med atom.

Essens eller tomleik?

Dei fleste opplever seg sjølv som ein enkelståande og samanhengande person. Slik finst det ei utbreidd førestilling om at vi menneske har ein kjerne eller essens. Vi oppfattar at det finst noko fast og stabilt som gjer oss til den vi er. Men det finst ulike svar på kva det er som utgjer "essensen" til mennesket. Det kan til dømes vere at vi har ei sjel, ei unik bevisstheit, eit ibuande potensiale eller ein fast personlegdom.

Førestillinga om at mennesket har ein kjerne, har likevel blitt utsett for mykje kritikk. I løpet av livet forandrar den fysiske kroppen vår seg fullstendig, og dei aller fleste av cellene våre blir bytte ut og erstatta av nye. Tankane og kjenslene våre er òg i konstant endring, og måten vi tenker og føler på som unge og som gamle, kan vere svært ulik. Sidan alt i oss heile tida blir forandra, meiner nokon at mennesket i verkelegheita er "tomt". Vi har ingen essens eller kjerne. Det er ikkje noko anna enn namnet vårt som knyter oss saman til ting og hendingar gjennom livet, og sjølv det kan vi jo lett forandre.

Thesevs paradoks

Thesevs var son av kongen av Athen. Ifølge gresk mytologi segla han til Kreta og frigjorde ei gruppe athenske ungdommar frå minotauren, eit uhyre som var halvt menneske og halvt okse.

Til minne om Thesevs sitt heltemot tok athenarane vare på skipet hans, men ettersom åra gjekk, måtte dei byte ut éin og éin del av skipet som var rotna vekk. Til slutt var det ingenting igjen av det originale skipet.

Dei athenske filosofane stilte då spørsmålet om dette framleis var skipet til Thesevs, noko som seinare har blitt kalla Thesevs' paradoks. Det same spørsmålet kan vi stille om vår eigen kropp. Gjennom livet byter vi ut dei aller fleste cellene i kroppen. Er vi då den same personen?

Eit mangfald av menneskesyn

Eit grunnleggande kjenneteikn ved mennesket er at vi bruker språket til å fortelje historier om oss sjølve. Vi er eit historieforteljande dyr som bruker forteljingar til å skape samanheng og meining. Liva våre har ei fortid, ei notid og ei framtid, som vi bind saman til ei samanhengande forteljing. Den personlege historia vår er samtidig ein del av ei større forteljing om kulturen, samfunnet og arten vår – og opphavet og utviklinga til verda.

For tusen år sidan var det vanleg i Europa å tenke at jorda var sentrum i universet, og at mennesket stod høgt heva over andre skapningar fordi vi var fornuftige vesen. Så fekk vi eit nytt verdsbilete som reduserte jorda sin posisjon til kva som helst annan planet. Deretter fekk vi evolusjonslæra som fastslo at mennesket i verkelegheita berre var eit dyr. Til slutt hevda psykologen Sigmund Freud at mennesket ikkje eigentleg styrer seg sjølv ved hjelp av fornufta, men at vi i verkelegheita er styrte av ubevisste impulsar og drifter som vi ikkje er klar over. På denne måten har forteljingane om mennesket si overlegenheit mist mykje av den krafta ho hadde tidlegare.

Samtidig har vi òg fått nye forteljingar om mennesket sine evner og moglegheiter. For fem hundre år sidan lovpriste filosofar i renessansens Italia mennesket på grunn av fridommen og den unike evna vår til å forme oss sjølve og verda. Sidan den gongen har vi, ved hjelp av vitskapelege framsteg og nye teknologiske oppfinningar, forandra verda fullstendig. No har vi ikkje berre mogelegheita til å forandre verda rundt oss, men òg våre eigne kroppar. Ved hjelp av den nye bioteknologien kan vi forandre gena våre og skape eit nytt og forbetra menneske – mennesket 2.0. For somme er dette ei forteljing om det sitt utrulege potensialet til mennesket, mens det for andre er ei forteljing om overmotet og arrogansen vår.

I dag står ulike forteljingar om kva mennesket er, og ikkje minst kva vi skal vere i framtida, mot kvarandre. Ingen veit kva for forteljingar vi kjem til å fortelje om oss sjølve om hundre, to hundre og tusen år.

Kjelder

Baggini, J. (2018). How the world thinks. A global history of philosophy. Granta.

Hamilton, S. (2001). Indian Philosophy. A very Short Introduction. Oxford University Press.

Harrison, V.S. (2019). Eastern philosophy. The basics. London: Routledge.

Norden, B.W. (2011). Introduction to classical chinese philosophy. Indianapolis: Hackett Publishing Company Inc.

Perret, R.W. (2016). An Introduction to Indian Philosophy. Cambridge University Press.

Puett, M. (2016). Veien. Kinesiske filosofer og læren om det gode liv. Flux Forlag.

Stigen, A. (1983). Tenkningens historie. Gyldendal Norsk Forlag.

Svendsen, L.F.H. & Säätelä, S. (2010). Det sanne, det gode og det skjønne. En innføring i filosofi. Oslo. Universitetsforlaget.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 02.03.2026