Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Definisjonsøving eksistensielle spørsmål

Mange eksistensielle spørsmål handlar om å finne ut kva noko verkeleg er. I denne øvinga skal de forklare eksistensielle omgrep utan å bruke dei mest vanlege synonyma. Dei andre elevane skal prøve å gjette kva omgrep de vil fram til.

Tabu: Forklar omgrep

Mange eksistensielle spørsmål handlar om kva noko er. I denne oppgåva skal alle i gruppa forklare eit eksistensielt omgrep med sine eigne ord, utan å bruke sjølve ordet eller lista med ord som er oppført på kortet.

Instruksjonar

  1. Set dykk saman i mindre grupper.

  2. Ein i gruppa klikkar på kortet merkt "1" under. Pass på at dei andre ikkje ser skjermen.

  3. Forklar omgrepet du får opp for dei andre.

  4. Du får ikkje lov til å bruke sjølve omgrepet eller dei andre orda på lista.

  5. Dei andre i gruppa skal så raskt som mogleg prøve å gjette kva omgrep du prøver å forklare.

  6. Diskuter til slutt kva som er den beste beskrivinga av omgrepet. Forsøk òg å grunngi kvifor dette er ei god beskriving.

  7. Den neste personen i gruppa trykker på neste kort og forklarer omgrepet hen får opp. Hald fram til de er gjennom alle korta.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 21.05.2026