Definisjonsøving eksistensielle spørsmål

Tabu: Forklar omgrep
Mange eksistensielle spørsmål handlar om kva noko er. I denne oppgåva skal alle i gruppa forklare eit eksistensielt omgrep med sine eigne ord, utan å bruke sjølve ordet eller lista med ord som er oppført på kortet.
Instruksjonar
Set dykk saman i mindre grupper.
Ein i gruppa klikkar på kortet merkt "1" under. Pass på at dei andre ikkje ser skjermen.
Forklar omgrepet du får opp for dei andre.
Du får ikkje lov til å bruke sjølve omgrepet eller dei andre orda på lista.
Dei andre i gruppa skal så raskt som mogleg prøve å gjette kva omgrep du prøver å forklare.
Diskuter til slutt kva som er den beste beskrivinga av omgrepet. Forsøk òg å grunngi kvifor dette er ei god beskriving.
Den neste personen i gruppa trykker på neste kort og forklarer omgrepet hen får opp. Hald fram til de er gjennom alle korta.