Casar om forelsking og forhold - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Casar om forelsking og forhold

Forelsking og forhold kan by på ulike problemstillingar. I denne oppgåva møter du ungdommar som står overfor ulike utfordringar. Reflekter over korleis dei kan løyse dei på ein best mogleg måte.

Oppgåve 1. Forelska?

Heidi, Pål, Tove og Marco er forelska, men dei er usikre på kva dei skal gjere. Les dei tre forteljingane, vel éin eller to og hjelp dei med å finne ei løysing.

  1. Kva er problemet deira, tenkjer du?

  2. Korleis synest du at dei på best mogleg måte kan løyse utfordringane sine?

Heidi

Heidi merkar at ho har blitt forelska i ein av sine beste vener, Arild. No lurer ho på om ho skal fortelje Arild om det, men er engsteleg for at han ikkje har dei same kjenslene for henne. Ho vil ikkje øydeleggje den fine venskapen dei har. Heidi tenkjer at ho må vere ærleg med Arild, fordi ho kjenner seg litt annleis. Forelskinga gjer at ho raudnar mykje og stotrar berre Arild kjem inn i same rommet som henne.

Pål

Pål ønskjer å få Luca til å bli forelska i seg. Han har flørta med Luca i fleire veker på skulen. Han har mellom anna vist stor interesse for Luca sine meiningar og kva han gjer på fritida. Pål har verkeleg lytta til Luca og komme med fine oppfølgingsspørsmål. Han har òg stroke Luca lett på ryggen for å gi signal om at han er forelska, men det kjem framleis ingen initiativ frå Luca. Pål vil ikkje mase, men vil gjerne vite om forelskinga kan bli gjengjeldt.

Tove

Tove er snart ferdig med vidaregåande og angrar på at ho ikkje har våga å fortelje om kjenslene sine til Sonja i parallellklassen. Tove har vore engsteleg for å få avslag, men no har ho fått mot og inspirasjon frå ein super TV-serie. Det er siste skuletime, og Tove står utanfor klasserommet til Sonja og vil foreslå at dei skal gå til bussen saman. Ho er veldig forelska og håpar ho snart kan fortru seg til Sonja. Men ho veit ikkje korleis, kvar og når det kan passe å seie det.

Marco

No har Marco sagt til Mikkel at han lenge har vore avstandsforelska. Mikkel har svart at han er interessert i Marco, men treng litt tenkjetid. Dei sit ved sida av kvarandre, og Mikkel legg handa på Marco si hand. Det gjer Marco glad og endå meir forelska, men så blir han brått usikker på om handa er eit teikn på at Mikkel berre ønskjer venskap. Marco vil spørje, men veit ikkje kva han skal seie.

Oppgåve 2. Gode og dårlege forhold



Skrive av Stine Kühle-Hansen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2022