Samisk i dag
Korleis står det til med dei samiske språka i Noreg i dag? Og kva for haldningar har den moderne samen til språket sitt?
Fag
Læringssti
Korleis står det til med dei samiske språka i Noreg i dag? Og kva for haldningar har den moderne samen til språket sitt?
I dette innslaget frå NRK Skole (lengde 1:13), fortel artisten Hanna Krogh-Reinsnes om korleis ho oppdaga at ho var samisk.
Historia om Hanna Krogh-Reinsnes, som oppdaga at ho var same, er ikkje unik. Verdshistoria fortel mange historier om urfolk som har blitt dårleg behandla av majoritetsbefolkninga. Det kan vere ei årsak til at mange generasjonar av urfolk har prøvd å undertrykke både identiteten og språket sitt. Urfolka sin skam over språket sitt kan sjåast på som eit resultat av majoritetsbefolkninga si jakt på eigen identitet: I iveren etter å lage nasjonalstatar og samle folket, måtte urfolket dukke nakken.
I dag er situasjonen annleis. Urfolk over store delar av verda opplever eit gryande medvit. I staden for å skamme seg over røtene sine, er dei stolte av dei.

I 2019 arrangerte FN eit internasjonalt år for urfolksspråk. FN har dessutan styrkt både dei samiske rettane og pliktene til staten overfor urfolk: "Urfolk har rett til å gjenopplive, bruke og utvikle sin historie, sitt språk (...). Statene skal treffe effektive tiltak for å sikre vern av denne rettigheten" (Regjeringen, 2007).
Mange norske samar omfamnar identiteten sin i dag. Dei tek på seg kofta på 17. mai og feirar sin eigen nasjonaldag 6. februar. Unge artistar både joikar og syng og rappar på samisk, og den samiske språkprisen vart i 2019 delt ut til snapchatkontoen Saepmi (Sametinget, 2019).
Du kan lese meir om haldninga samar har til eigen identitet og språk i denne artikkelen frå NRK: Samiske ungdommer føler ny stolthet – vil føre kulturen videre.
Kvifor trur du haldninga til urfolk har endra seg dei siste førti til femti åra?
Korleis går det så med dei samiske språka i dag? Samelova slår fast at norsk og samisk er likestilte. Målet til norske styresmakter har altså gått frå å tvinge samane til å snakke og skrive norsk, til å oppmuntre til bruk av samisk i både skulen, andre offentlege institusjonar og privat.
Men dei som verkeleg avgjer kor levande eit språk skal vere, er folket som bruker det. Dersom eit folk ikkje bruker språket sitt, døyr det ut. Som nemnt over, er tida då samane skamma seg over eigen identitet og språk, over. Det skulle tyde på at det går bra for samisk i dag. Men kor mange barn og unge vel samisk i skulen?
Barn og unge kan velje samisk som første- eller andrespråk på skulen. Viss dei vel å ha samisk som førstespråk, skal all undervisning gå føre seg på samisk, bortsett frå i engelsk- og norsktimane. Om dei vel samisk som andrespråk, skal dei følge ordinær undervisning, men lære skriftleg og munnleg samisk ved sida av.
Statistikk viser at talet på dei som valde samisk som første- og andrespråk i skulen, gjekk ned etter år 2000. I 2009 var det 2519 elevar med samisk i grunnskulen, medan det i 2019 var 2394 (Sollid, 2019).
Dette var faretruande tendensar for det samiske språket. Men nye tal (sjå tabellen under) viser at fleire ungdommar no vel samisk som andrespråk. Talet på dei som vel samiske språk som førstespråk varierer, men er stort sett stabilt.
Faktisk er ikkje det største problemet at barn og ungdom ikkje vel samisk, men at det er for få lærarar som kan undervise i samiske språk (Pettersen & Murray, 2025).
Tabellen under viser kor mange som vel samisk som første- eller andrespråk i skulen.
Val av språk | 2009 | 2019 | 2024 |
|---|---|---|---|
Elevar som valde nordsamisk som førstespråk | 997 | 892 | 913 |
Elevar som valde nordsamisk som andrespråk | 1 342 | 1 276 | 1 525 |
Elevar som valde sørsamisk som førstespråk | 19 | 26 | 22 |
Elevar som valde sørsamisk som andrespråk | 82 | 85 | 126 |
Elevar som valde lulesamisk som førstespråk | 27 | 34 | 30 |
Elevar som valde lulesamisk som andrespråk | 50 | 81 | 88 |
(SSB, 2026)
I dag er mange språk i verda utrydningstrua. Er det farleg om språk blir borte?